Assisterande seksjonsleiar
- Søknadsfrist 06.12.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar?
Vil du vere med å utvikle og forme ein ny seksjon i MBF?
Frå 1. mars 2027 blir preanalytisk seksjon og seksjon for pasientnær analysering samla til éi felles eining. Vi søkjer no ein engasjert og utviklingsorientert assisterande seksjonsleiar som ønskjer å vere med på å bygge opp, utvikle og forme den nye seksjonen.
Dette er ei spennande moglegheit for deg som trivst med ansvar, samarbeid og utviklingsarbeid. I tett samarbeid med seksjonsleiar og ein annan assisterande seksjonsleiar vil du få ei sentral rolle i medarbeidaroppfølging, ressursplanlegging og vidareutvikling av arbeidsprosessar og tenester
MBF står framfor fleire viktige utviklings- og endringsprosessar i åra som kjem. Som assisterande seksjonsleiar får du vere med på å forme den nye seksjonen og bidra til vidare utvikling av laboratorietenestene i avdelinga.
Litt om oss
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av seks avdelingar i Laboratorieklinikken ved Helse Bergen og har om lag 370 tilsette. Avdelinga omfattar 12 analytiske og fire ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene innan medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt NAPOS, NOKLUS og RELIS.
Verksemda omfattar rutinedrift, forsking, utviklingsarbeid og innovasjon, og laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189.
Arbeidsoppgåver
- Tett samarbeid med seksjonsleiar
- Bidra til å vidareutvikle arbeidsprosessar, kvalitet og samhandling på tvers av fagområde
- Medansvar for drift, bemanning og ressursplanlegging
- Medansvar for økonomi og budsjettoppfølging
- Stedfortredar for seksjonsleiar
- Personalansvar for fagbioingeniørar og bioingeniørar i PNA-gruppa
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Minimum 2 års relevant erfaring frå medisinsk laboratorium
- Erfaring frå koordinering, fagansvar eller leiing er ein fordel
- Erfaring med pasientnær analysering og pasientnære instrument er ønskjeleg
- Erfaring frå endrings-, forbetrings- eller utviklingsarbeid er ønskjeleg
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne med norsk som hovedmål
Personlege eigenskapar
- Er engasjert i medarbeidarar, fagmiljø og organisasjonsutvikling
- Trivst med ansvar og tar initiativ
- Arbeider strukturert og målretta
- Har gode samarbeidsevner og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø
- Er løysingsorientert og handterer endringar på ein konstruktiv måte
Du motiverast av å skape gode resultat saman med andre, og ser verdien av å kombinere dagleg drift med utviklings- og forbetringsarbeid.
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Varierte arbeidsoppgåver i eit fagmiljø med høg kompetanse
- Dagstilling utan vakter
- Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ferdigheter AI-generert
- Budsjettoppfølging
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Klinisk analyse i laboratoriet
- Ledelse av arbeidsprosesser
- Medisinske laboratorietjenester
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør, Ledelse
Spørsmål om stillingen
Arbeidssted
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 481585424
- Sist endret:
- Org.nr.: 974557746Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)



