FINNJobbSøkVestlandBergen
Bilde fra arbeidsgiver
Helse Bergen HF logo
Helse Bergen HF
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Klinikkdirektør – Kirurgisk klinikk

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Bergen
  • Søknadsfrist 02.12.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Om denne oppsummeringen

Overordnet ansvar for fag, kvalitet, pasientsikkerhet, forskning, utdanning, medarbeidere og økonomi ved Kirurgisk klinikk.

Kvalifikasjoner

  • Relevant høyere utdanning på minimum masternivå
  • Dokumentert ledererfaring fra større og komplekse kunnskapsorganisasjoner
  • Erfaring med strategisk ledelse, organisasjonsutvikling og endringsprosesser
  • God forståelse for virksomhets- og økonomistyring
  • God skriftlig og muntlig fremstillingsevne

Hva vi tilbyr

  • Mulighet til å delta i toppledelsen ved Haukeland universitetssjukehus
  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch
Vis mindre
Vis hele kortversjonen

Vil du leie ei av dei største kirurgiske verksemdene i norsk spesialisthelseteneste?

Kirurgisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker ein ambisiøs og framtidsretta leiar som vil bidra til å utvikle kirurgisk behandling, forsking, utdanning og beredskap ved regionsjukehuset på Vestlandet. Klinikken har både fagleg breidde og sterke, spissa fagmiljø, regionalt traumesenter og nasjonal behandlingsteneste for brannskadar, og spelar ei sentral rolle i spesialisthelsetenesta på Vestlandet og nasjonalt.
Som klinikkdirektør får du ansvar for ein av sjukehuset sine største og mest komplekse klinikkar. Vi søker ein leiar som evnar å kombinere strategisk utvikling med god drift, og som motiverast av å skape resultat gjennom sterke fagmiljø, forsking, utdanning, samarbeid og kontinuerleg forbetring.

Om Kirurgisk klinikk
Kirurgisk klinikk har ansvar for diagnostikk og behandling innan fleire kirurgiske fagområde og omfattar gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, bryst- og endokrinkirurgi, plastikkirurgi og brannskadebehandling. Klinikken omfattar òg regionalt traumesenter og nasjonal behandlingsteneste for brannskadar.
Klinikken er viktig for mange av sjukehuset sine behandlingstilbod og beredskapsfunksjonar, og samarbeider tett med andre klinikkar og fagmiljø i sjukehuset, og med dei andre sjukehusa i Helse Vest. Arbeid med kvalitet, pasienttryggleik, forsking, utdanning og kontinuerleg forbetring er sentrale delar av verksemda. Klinikken er heimstad for sterke fag- og forskingsmiljø og bidreg aktivt til utviklinga av framtidas kirurgiske behandling.

Haukeland universitetssjukehus er i kontinuerleg utvikling. Organisering, ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan derfor bli justerte i takt med framtidige behov og prioriteringar.

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i den samla leiinga av Haukeland universitetssjukehus og bidra til utvikling av sjukehuset som heilskap
  • Bidra til at sjukehuset når sine strategiske mål gjennom leiing og vidareutvikling av klinikken, og i samarbeid med andre einingar i sjukehuset og Helse Vest
  • Ha overordna ansvar for fag, kvalitet og pasienttryggleik, forsking, utdanning, medarbeidarar og økonomi
  • Sikre fagleg og økonomisk berekraftig drift og god ressursutnytting i ein stor og kompleks organisasjon
  • Leggje til rette for forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling
  • Vidareutvikle samarbeid på tvers av klinikkar, profesjonar og nivå i helsetenesta
  • Leie gode omstillings- og utviklingsprosessar gjennom forbetringsarbeid, involvering og medverknad
  • Sitte som fast representant i sjukehuset sitt kreftstyre, og jobbe for at sjukehuset opprettheld si akkreditering som eit Comprehensive Cancer Center

Kven ser vi etter?
Vi søker ein leiar som:

  • Evnar å sjå heilskap og samanhengar i ein kompleks organisasjon
  • Er trygg i strategiske val og prioriteringar
  • Har stor gjennomføringsevne og skaper resultat gjennom andre
  • Byggjer tillit og gode relasjonar internt og eksternt
  • Kommuniserer tydeleg og samlande
  • Motiverer, støttar og utviklar leiarar og medarbeidarar
  • Er utviklingsorientert og framtidsretta
  • Kombinerer høge ambisjonar med god rolleforståing og samarbeidsevne

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på minimum masternivå
  • Dokumentert leiarerfaring frå større og komplekse kunnskapsorganisasjonar
  • Erfaring med strategisk leiing, organisasjonsutvikling og endringsprosessar
  • Dokumenterte resultat innan leiing, drift og utviklingsarbeid
  • God forståing for verksemds- og økonomistyring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Formell leiarutdanning og erfaring frå leiing i spesialisthelsetenesta, samt dokumentert forskingskompetanse og erfaring frå leiing av forskingsaktivitet, vil vere ein fordel.

Vi legg særleg vekt på at du

  • Er ein synleg, trygg og samlande leiar
  • Har høg integritet og gode samarbeidsevner
  • Handterer komplekse problemstillingar på ein konstruktiv måte
  • Evnar å balansere langsiktig utvikling med krav til dagleg drift
  • Skaper engasjement, retning og felles målforståing
  • Er robust og kan ta avgjerder i krevjande situasjonar

Vi tilbyr deg

  • Ei moglegheit til å vere med å utvikle helsetenesta på Vestlandet gjennom deltaking i toppleiinga ved Haukeland universitetssjukehus
  • Ei av dei mest spennande leiarstillingane i norsk spesialisthelseteneste
  • Ei sentral leiarrolle med ansvar for å forme framtidas kirurgi ved regionsjukehuset på Vestlandet
  • Ansvar for sterke fag- og forskingsmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
  • Ei rolle som pådrivar i utvikling av behandling, forsking, utdanning og beredskap
  • Eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, kvalitet og utvikling
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.


Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ferdigheter AI-generert

  • Økonomistyring

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har drygt 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Kvart år behandlar vi nesten 700.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Budsjettet vårt er på omlag 11 milliardar kroner.

Vår visjon er å fremme helse og livskvalitet i vest. Verdiane våre er:
- Respekt i møte med pasienten
- Kvalitet i prosess og resultat
- Tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg

  • Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Ledelse

Spørsmål om stillingen

LH

Lasse Hatletvedt

Direktør

90 85 10 59Kopier telefonnummer 90 85 10 59
CG

Clara Gram Gjesdal

Viseadministrerende direktør

95 29 76 62Kopier telefonnummer 95 29 76 62

Firmaets beliggenhet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Kart
Søknadsfrist: 13 dager igjen
Legg til som favoritt
Følg firma

2 774 følger dette firmaet

Hold deg oppdatert på nye og relevante jobbannonser fra dette firmaet. Logg inn for å kunne følge dem.

Ikke nåLogg inn
Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 481263557
  • Sist endret: 18.11.2026, 14:18
  • Org.nr.: 974557746Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse