Arbeidsrettleiar
- Søknadsfrist 25.10.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Arbeidsrettleiar – 100 % fast stilling
Spira utvikling AS er ei arbeidsinkluderingsbedrift i Etne som gir menneske moglegheit til å utvikle seg gjennom meiningsfullt arbeid.
Vi tilbyr arbeidstrening, varig tilrettelagt arbeid (VTA) og driv vaskeri- og tekstiltenester for private og offentlege kundar.
Bedrifta har om lag 60 tilsette, og vi er stolte av eit arbeidsmiljø prega av omsorg, respekt og samhald.
No søkjer vi ein engasjert og strukturert arbeidsrettleiar til produksjon i vaskeriet som vil vere med og gjere ein forskjell for deltakarane våre, samtidig som produksjonen går som den skal.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for eit produksjonsområde eller ei avdeling i vaskeriet, med aktiv deltaking, planlegging og oppfølging av produksjonen.
- Instruksjon, rettleiing og tilrettelegging av arbeidsoppgåver for deltakerar ut frå den enkelte sine føresetnader, inkludert utarbeiding og oppfølging av kvalifiseringsplanar
- Rapportering, evaluering og oppfølging av kravspesifikasjonen til NAV, samt medarbeidsamtalar, journalføring og fråværsføring for eigne arbeidstakerar
- Forbetring og utvikling av rutinar.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan helse- og sosialfag, pedagogikk, fagbrev eller tilsvarande.
- Relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- Erfaring frå rettleiing, attføring eller arbeid med menneske som treng tilrettelegging er ein fordel
- Erfaring med å leie eller koordinere produksjon er ein fordel
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide med menneske og har tru på at alle kan bidra
- Du er tolmodig, tydeleg og løysingsorientert
- Du er strukturert og har god arbeidskapasitet
- Du trivst med å arbeide praktisk og tek ansvar
- Du samarbeider godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull arbeidskvardag der du ser resultat av innsatsen din
- Varierte arbeidsoppgåver i ei bedrift i utvikling
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Opplæring og moglegheit for fagleg utvikling
- Løn etter avtale
Det må leggjast fram godkjend politiattest før tilsetjing.
Tiltreding: etter avtale
Spørsmål om stillinga kan rettast til Herborg Helland administrasjonsleiar, på telefon 928 28 659 eller e-post herborg@spirautvikling.no.
Søknad med CV sendes til herborg@spirautvikling.no
Ferdigheter
- Norsk
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Spira utvikling AS er ei arbeidsinkluderingsbedrift i Etne som gir menneske moglegheit til å utvikle seg gjennom meiningsfullt arbeid.
Vi tilbyr arbeidstrening, varig tilrettelagt arbeid (VTA) og driv vaskeri- og tekstiltenester for private og offentlege kundar.
Bedrifta har om lag 60 tilsette, og vi er stolte av eit arbeidsmiljø prega av omsorg, respekt og samhald.
Nøkkelord
arbeidsrettleiing, arbeidsinkludering, arbeidstrening, tilrettelegging
Spørsmål om stillingen
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 478785313
- Sist endret:
- Org.nr.: 976483782Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
