Rådgjevar med sals- og kontoransvar
- Søknadsfrist Snarest
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Rådgjevar med sals- og kontoransvar på Voss Sparebank sitt kontor i Odda
Voss Sparebank skal opna kontor i det gamle flotte bankbygget i gågata i Odda. Til dette kontoret søkjer me ein engasjert og relasjonssterk rådgjevar som vil få utvida ansvar som sals- og kontoransvarleg. Dette er ein sjeldan sjanse for deg som har bakgrunn frå bank, kjenner regionen godt og ynskjer å vere med på å byggje noko nytt frå grunnen av.
Om stillinga
I denne stillinga vil du få ei sentral rolle i oppstarten og den vidare utviklinga av Voss Sparebank sitt kontor i Odda. På dette kontoret vil du og ein rådgjevar vera med frå starten av. Stillinga di vil vera å rådgje kundane innan kreditt, forsikring og sparing, og ha eit ansvar for å byggja Voss Sparebank si kundeportefølje i regionen. Du rapporterer til leiinga i Voss Sparebank og vil ha stor påverknad på korleis kontoret utviklar seg.
Ansvarsområde
- Arbeida proaktivt for å få nye låne- og forsikringskundar.
- Ansvarleg for å koordinere den daglege drifta av Odda-kontoret.
- Kredittvurdera kundane og gje lån innanfor definerte fullmakter og regelverk.
- Vera ein økonomisk sparringspartnar for kundane ved å gje råd om sparing, forsikring, pensjon og personleg økonomi.
- Representere verksemda i regionen og bidra til positiv merksemd.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- God kjennskap til Odda og regionen.
- Erfaring frå tilsvarande rolle i bank.
- Sterk relasjonsbyggjar med evne til å skape tillit og opne dører.
- Me ynskjer at du har autorisasjonar frå FinAut. Om du ikkje har det, må du vera motivert for å gjennomføra autorisasjonsløpet for kreditt, skadeforsikring, livsforsikring og sparing/plassering.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ.
- God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg.
- Du bur i Odda eller nærliggjande område, eller ynskjer å flytte her.
- Du smiler når du kjem på jobb om morgonen, har godt humør og er ein god kollega.
Me tilbyr
- Høve til å setje ditt preg på utviklinga av Odda-kontoret og Voss Sparebank i heile regionen.
- Arbeidsplass i eit nyrenovert og historisk bygg midt i Odda sentrum.
- Konkurransedyktige vilkår.
- Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar.
- Mange gode kollegar i Voss Sparebank.
Oppstart og tilsetjing
Planlagt opning av kontoret er sommar/haust 2027. Estimert oppstartstidspunkt for stillinga er i god tid før opning og etter avtale.
Søknad
Er du den me leitar etter? Send inn din søknad saman med CV så snart som mogleg. Me ser fram til å høyre frå deg.
Ferdigheter AI-generert
- Administrasjonsledelse
- Analysere lån
- Autorisert Finansiell Rådgiver
- Forsikringsrådgivning
- Lånebehandling
- Livsforsikring og pensjon
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Voss Sparebank er ein sjølvstendig og lokal sparebank med hovudkontor på Voss. Me samarbeider med 15 andre sparebankar i Lokalbank-samarbeidet. I dag er me 28 tilsette i banken. Me er opptekne av lokalsamfunnet skal vera ein god plass å bu. Banken bidreg til dette med gåver og sponsing. Som tilsett i banken forventar me at også du deler vårt engasjement for lokalsamfunnet og banken.
- Sted: Røldalsvegen 25, 5750 Odda
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Salg, Salgsledelse
Nøkkelord
Bankrådgiving, Bank rådgiver, Bankadministrasjon, Regional knowledge, Relationship building
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 478163116
- Sist endret:
- Org.nr.: 948762404Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

