Teknisk operatør
- Søknadsfrist 31.10.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Vi styrkar laget - og søkjer fleire tekniske operatørar til Svelgen
Vi styrkar laget ved anlegget vårt i Svelgen og søkjer fleire tekniske operatørar. Her får du jobbe på eit moderne anlegg for produksjon av storsmolt, i eit arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar, høgt tempo og stor grad av ansvar.
Vi ser etter deg som har teknisk interesse og praktisk forståing. Erfaring frå akvakultur, industri eller prosessanlegg er ein fordel, men ikkje eit krav – den rette personen får grundig opplæring.
Arbeidsoppgåver
Drift og overvaking av tekniske innstallasjonar og prosessanlegg
Ettersyn, enkelt vedlikehald og feilsøking på teknisk og maskinelt utstyr
Bidra til stabil og effektiv produksjon av storsmolt og god fiskevelferd
Registrere, rapportere og følgjer opp avvik
Delta i kontinuerleg forbetringsarbeid og bidra til gode tekniske løysingar
Samarbeide tett med kollegaer, driftsleiing og andre fagressursar
Følgje rutinar for HMS, hygiene, biosikkerheit og internkontroll
Delta i etablert teknisk vaktordning (kvar 4. veke og kvar 4. helg)
Vi trur du vil trivast hjå oss dersom du
Har teknisk interesse og likar praktisk problemløysing
Tek ansvar og arbeider sjølvstendig
Samarbeider godt med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Arbeider strukturert, nøyaktig og med god forståing for hygiene
Seier ifrå når noko ikkje fungerar, og kjem med forslag til forbetringar
Er lærevillig og interessert i nye løysingar og teknologi
Har respekt for kollegaer, fisk, miljø og utstyr
Relevant bakgrunn og kvalifikasjonar
Praktisk eller teknisk erfaring frå industri, prosess, akvakultur, mekaniske fag eller liknande
Teknisk utdanning eller fagbrev er ein fordel, men ikkje eit krav
Relevant erfaring kan kompenserast for manglande formell utdanning
Førarkort klasse B
Krav om at ein må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg med hensyn til forståing og følgje arbeidsinstruksar og etterleving av HMS-rutinar.
Hjå oss får du
Ei viktig rolle ved eit moderne anlegg for produksjon av storsmolt
Varierte tekniske og praktiske arbeidsoppgåver
Mykje ansvar og korte beslutningsvegar
Grundig opplæring og moglegheit for fagleg og personleg utvikling
Moderne utstyr og gode fasilitetar
Eit triveleg arbeidsmiljø der folk samarbeider tett
Gode velferdsordningar
Arbeidsstad og vaktordning
Arbeidsstad er Svelgen i Bremanger kommune. Stillinga inneber deltaking i teknisk vaktordning, og føreset at du kan møte på arbeid og ivareta naudsynt responstid når ein har vakt.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er satt til 31.10.2026. Søknadar vil likevel kunne bli vurdert fortløpande, slik at ved interesse kan det være fornuftig å søkje i god tid før fristen.
Vil du vite meir om stillinga?
Ta kontakt med Christian Ehlert på tlf 46651545
Ferdigheter
- Drift og vedlikehold
- HMS kontroll
- Internkontroll
- Kjøre
- Prosessovervåking
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Steinvik Fiskefarm er ei familiebedrift som blei grunnlagt i 1986. Selskapet produserar laks og ørret med fokus på kvalitet og lokal verdiskapning.
- Sted: Strandvegen 22, Svelgen, 6723 Svelgen
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Annet, Produksjon, Teknisk personell
Nøkkelord
Røkting, Landbasert oppdrett, akvakultur, rensefisk, storsmolt
Spørsmål om stillingen
Christian Ehlert
Firmaets beliggenhet
Strandvegen 22, Svelgen, 6723 Svelgen
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 478230327
- Sist endret:
- Org.nr.: 958123701Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

