FINNJobbSøkVestlandBergen
Vestland fylkeskommune logo
Vestland fylkeskommune
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Leiar operasjon

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Bergen
  • Søknadsfrist 22.10.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Leder for nyopprettet avdeling operasjon i Skyss. Ansvar for reiseinformasjon, kundeservice, avtaleoppfølging og håndtering av uventede hendelser.

Kvalifikasjoner

  • Ledererfaring
  • Relevant høyere utdanning, fortrinnsvis på masternivå (lang erfaring kan kompensere)
  • Erfaring med å utvikle kundeopplevelser, forbedringsarbeid og organisasjonsbygging
  • Erfaring fra samferdsel eller kollektivtransport er en fordel
  • Kunnskap om offentlig forvaltning er en fordel

Hva vi tilbyr

  • En viktig rolle i å løse samfunnsoppdraget til Skyss
  • Engasjerte medarbeidere som bryr seg om de gode hverdagsreisene
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Leiar operasjon

Vil du vere med og gjere det enkelt for folk å reise i Vestland – også når dagen ikkje går heilt etter planen? Kvar dag er mange avhengige av Skyss for å kome seg til arbeid, skule og fritidsaktivitetar. Korleis vi møter kundane og løyser utfordringar undervegs, har stor betydning for kvardagen til mange vestlendingar.

Vi treng ein leiar for den nyoppretta avdeling operasjon. Her får du ansvar for at kundane møter eit tilbod som fungerer godt, dag ut og dag inn. Du samlar arbeidet med reiseinformasjon og kundeservice, og samarbeider tett med operatørane som køyrer for oss gjennom god og tett avtaleoppfølging. Når noko ikkje går som planlagt, skal kundane få god informasjon, og avdelinga skal vere rusta til å handle raskt.

Du skal òg bruke det vi lærer av dei reisande, operatørane og hendingar i drifta, til å gjere tilbodet betre. Målet er å førebyggje problem og sørgje for at erfaringar frå den daglege drifta blir tekne med når Skyss utviklar nye løysingar og kjøper inn tenestene. Du har ansvar for at avdelinga har gode planar og arbeidsmåtar for å handtere uventa hendingar

Som avdelingsleiar inngår du i direktøren si leiargruppe, og har tre gruppeleiarar som rapporterer til deg. Vi ser etter deg som har leiarerfaring og relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. For å trivast og meistre denne rolla treng du erfaring med å utvikle gode kundeopplevingar, forbetringsarbeid og organisasjonsbygging. Erfaring frå samferdsel eller kollektivtransport, og kunnskap om offentleg forvaltning er ein fordel.

Du er tydeleg som leiar, gir medarbeidarane tillit og får fagmiljøa til å samarbeide. Du ser heilskapen og byggjer ei avdeling som jaktar forbetringar, utan at du sjølv må løyse kvar hending. Hos Skyss møter du engasjerte medarbeidarar som bryr seg om dei gode kvardagsreisene. Du får ei rolle der arbeidet ditt betyr mykje for mange menneske i heile fylket, ei viktig rolle for å løyse samfunnsoppdraget til Skyss.

Andre opplysningar:

  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk

  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader

  • Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort

Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Matae ved Merethe Mæland tlf.908 72 622, Julian Smørdal tlf. 932 29 249 eller direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø på tlf. 916 53 176. All kontakt med Matae blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen.

Ferdigheter AI-generert

  • Lede kundeservice
  • Offentlig administrasjon og forvaltning

Om arbeidsgiveren

Om Skyss

Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.

Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.

Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 6 milliardar kroner.

Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

  • Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
  • Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Transport og logistikk
  • Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse, Rådgivning

Nøkkelord

Skyss, Kollektivtransport, Operasjon, Samferdsel, Ledelse

Spørsmål om stillingen

MV

Målfrid Vik Sønstabø

direktør

91 65 31 76Kopier telefonnummer 91 65 31 76
MV

Matae v/ Merethe Mæland

None

90 87 26 22Kopier telefonnummer 90 87 26 22

Firmaets beliggenhet

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

Kart
Søknadsfrist: 8 dager igjen
Legg til som favoritt

22 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerBli kjent med Vestland Fylkeskommune Skyss

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 478222850
  • Sist endret: 8.10.2026, 11:22
  • Org.nr.: 992051825Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse