Sjukepleiar
- Søknadsfrist 11.10.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Sjukepleiar til kirurgisk og medisinsk poliklinikk
Ønsker du å arbeide på ei framoverlent avdeling?
Hos oss får du ein variert sjukepleiarjobb der du følgjer pasientar gjennom undersøking og behandling – og er med på å utvikle poliklinikken vidare.
Her får du ein variert arbeidsdag og kollegaer som samarbeider tett om pasientane. Vi prøver ut digitale løysingar og utviklar arbeidsmåtane våre saman. Det arbeidet er vi stolte av. Avdelinga fekk Arbeidsmiljøprisen i 2024 og Kvalitetsprisen i 2025.
No håpar vi å få deg med på laget! Stillinga omfattar òg arbeid kvar fjerde helg på medisinsk og kirurgisk sengepost.
Ring gjerne leiar for ein uformell prat – vi vil gjerne høyre frå deg!
Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?
Hos oss vil du mellom anna:
- utføre sjukepleieoppgåver i poliklinikken
- delta i undersøking, behandling og oppfølging av pasientar
- utføre administrativt arbeid knytt til poliklinikkane
- rettleie studentar og bidra i forbetringsarbeidet i avdelinga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Gode munnlege og skiftlege norskkunnskapar.
- Ønskjeleg med minst 2 års sjukehuserfaring.
- Videreutdanning innan sårbehandling er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- arbeider strukturert og prioriterer oppgåver når det trengst
- finn løysingar saman med andre
- samarbeider godt med kollegaer i ulike faggrupper
- er open for nye oppgåver, arbeidsmåtar og digitale løysingar
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du tilpassa opplæring saman med ein sjukepleiar og kollegaer som samarbeider om oppgåvene. Du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag og delta i forbetringsarbeid. Vi har ein tilgjengeleg leiar og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ferdigheter AI-generert
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Norsk
- Utføre helsetjenesteundersøkelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier
Nøkkelord
sykepleier, poliklinikk, medisin, kirurgi
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 477206544
- Sist endret:
- Org.nr.: 983974694Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


