FINNJobbSøkVestlandVoss
Voss herad logo
Voss herad
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Leiar for legetenesta

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Voss
  • Søknadsfrist 13.10.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Lede legetjenesten og det kommunale legekontoret i Voss herad, med ansvar for økonomi, bemanning og faglig utvikling.

Kvalifikasjoner

  • Ledererfaring fra helsesektoren, gjerne fra kommunal sektor
  • Helsefaglig utdanning fra høyskole eller universitet
  • Kjennskap til legetjenesten er en fordel
  • Relevant lederutdanning, eller vilje til å gjennomføre dette

Hva vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordninger
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Leiar

Helse og omsorg

Me søkjer ein strategisk og engasjert leiar for legetenesta i kommunen og det kommunale legekontoret.
Du vil få ei sentral rolle i å sikra høg kvalitet, god ressursutnytting og heilskaplege legetenester til innbyggjarane våre. Som leiar for legetenesta vil du ha ansvar for å tilretteleggjar for eit godt samarbeid mellom fastlegar, øvrig helseteneste og relevante aktørar, samtidig som du bidreg til å styrka tenesta si faglege utvikling. Dette er ein unik moglegheit til å kombinera fagleg dyktigheit med leiing i eit samfunnsnyttig arbeid.
I Voss herad består legetenesta av 1 kommunalt legekontor, 3 næringsdrivande legekontor og lege ved helsestasjon, flyktningelege og institusjonslege. I tillegg har kontora stillingar som helsesekretær og sjukepleiar. Tenesta omfattar også daglegevakt og interkommunal legevakta lokalisert ved Voss sjukehus. Den interkommunale legevakta er mellom Voss, Ulvik, Eidfjord, Vaksdal og Kvam.

Arbeidsoppgåver

  • Følgja opp nasjonale og lokale retningslinjer, og politiske vedtak
  • Vera ein aktiv bidragsytar for å utvikla samarbeidet mellom fastlegar, øvrige kommunale helsetenester og spesialisthelsetenesta
  • Ansvar for økonomi og budsjett innan legetenesta og legekontor
  • Sørga for effektiv ressursbruk, inkludert bemanningsplanlegging og kompetanseutvikling
  • Bemanningsplanlegging på legekontor og legevakt, inkludert ferieavvikling og ved akutt vakanse
  • Stillinga har det overordna ansvaret for kvalitetsarbeid i tenesta. Medisinskfagleg rådgjevar (kommuneoverlege) skal følgja opp kvaliteten i pasientbehandlinga, pasientsikkerheit og sikra etterleving av faglege standardar. Leiar for legetenesta og fagleg rådgjevar må ha eit tett og godt samarbeid når det gjeld kvalitetsarbeid.
  • Arbeida systematisk etter Forskrift om ledelse og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesten
  • Følgja opp krav og tilsyn fra relevante myndigheiter, samt rapportering
  • Leggja til rette for og følgja opp legar i ulike utdanningsløp: LIS1-teneste og spesialiseringsløp innan allmennmedisin (ALIS)

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som har:

  • Leiarerfaring frå helsesektoren, gjerne frå stilling i kommunal sektor
  • Helsefagleg utdanning frå høgskule/universitet  
  • Kjennskap til legetenesta er ei føremon
  • Relevant leiarutdanning, t.d. nasjonal helseledarutdanning eller er villig til å gjennomføra leiarutdanning

Personlege eigenskapar

Som leiar for legetenesta ønskjer me deg som er:

  • målretta, strukturert og ein pådrivar i vidareutvikling
  • nytenkjande, tillitsskapande og har gode samarbeidsevner
  • tydeleg når du formidlar forventningar og når du gir tilbakemeldingar 
  • tilrettelegg for læring og utvikling hos medarbeidarane dine
  • i stand til å skapa oppslutnad om endringar gjennom godt prosessarbeid
  • samlande og opptatt av å skapa gode arbeidsmiljø
  • Du har ein inkluderande leiarstil, er målretta og beslutningsdyktig. Du ser det som ein styrke å be om støtte, råd og innspel frå både kollegaer, støtteapparat, tillitsvalde og medarbeidarar.

Me tilbyr

  • Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar
  • Høve til å påverka og vera med på å utforma fremtidas helse- og omsorgstenester
  • Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode leiarkollegaer som har fokus på leiing og tverrfagleg samarbeid
  • Lønn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Ferdigheter AI-generert

  • Kjennskap til lovverk og regelverk
  • Medisinsk pedagogikk
  • Økonomistyring

Om arbeidsgiveren

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
  • Sted: Hagahaugvegen 49, 5705 Voss
  • Bransje: Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Ledelse

Nøkkelord

Leder, legetenestene, offentlig, kommune, helse

Spørsmål om stillingen

SØ

Stine Øvsthus

Verksemdsleiar for avdeling førebygging og rehabilitering

91 55 47 08Kopier telefonnummer 91 55 47 08

Firmaets beliggenhet

Hagahaugvegen 49, 5705 Voss

Kart
Søknadsfrist: 7 dager igjen
Legg til som favoritt

191 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med Voss Herad

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 477058051
  • Sist endret: 22.9.2026, 13:05
  • Org.nr.: 971035137Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse