Me søkjer ny kollegaer på Voss og i Hardanger
- Søknadsfrist 08.10.2026
- Mulighet for hjemmekontor Ingen hjemmekontor
- Sektor Privat
- Antall stillinger 2 stillinger
Bli med på laget til Stendi Voss og Hardanger
Me i Stendi Voss og Stendi Varaldsøy er i utvikling og ønskjer fleire gode kollegaer med på laget. No styrkjer me bemanninga og søkjer både fast tilsette og faste tilkallingsvikarar, til arbeid i medleverturnus og eigne nattevaktstillingar.
Vi ønskjer oss robuste og trygge ansatte som gjerne har tilhøyrsle til regionen vår, og som ønskjer å vere ein del av eit stabilt fagmiljø over tid.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har utdanning og erfaring frå desse felta:
*psykisk helsearbeid eller psykiatrifeltet.
*somatisk pleie
*miljøarbeide ilag med personar med ulike funksjonsvariasjoner
Vi er òg spesialt interesserte i fagpersonar som har kjennskap til arbeid med menneske frå sikkerheitspsykiatri (TPH).
Personleg egneheit
Me veit at gode medarbeidarar kan ha ulik bakgrunn. Derfor ønskjer me også å bli kjende med deg som har kortare erfaring, men som har dei rette personlege eigenskapane og eit ønske om å utvikle deg i arbeidet.
Er du student innan helsefag, vernepleie eller sjukepleie, oppmodar vi deg til å søkje som vikar. Hos oss kan du få verdifull erfaring, bli kjend med fagfeltet og utvikle deg saman med erfarne kollegaer.
Det viktigaste for oss
Du må vere ein lagspelar. Vi arbeider tett saman, og kvaliteten på tenestene våre er avhengig av at vi støttar kvarandre, har kunnskap og tek ansvar.
Me ønskjer medarbeidarar som har eit ønske om å skape betre kvardagar for menneske som kan ha tunge dagar. Det krev at du klarer å stå stødig når situasjonar blir krevjande, samtidig som du møter menneske med respekt, tolmod og forståing. Hos oss jobbar dei fleste lange dagar og stillinga høver dei med stor arbeidskapasitet som bur i nærleik av arbeidsplassen.
Me ser etter både fagpersonar og assistentar – for tenestemottakarane våre, for kollegaene sine og for lokalmiljøet vi er ein del av. Ein lyt ha god forståelse av lovverk aktuelt for å gje fagleg forsvarlege tenester og profesjonelt miljøarbeid.
Saman kan me skape tryggleik, kontinuitet og gode tenester innen helse og omsorg i vår region.
Me tilbyr
Gode arbeidsordningar med langfri periodar
Kjekke kollegaer med masse kunnskap
Treningsmuligheit på arbeid
Kompetansekurs frå læringsplattformen (MAP, Legemiddelkunnskap mm).
Ferdigheter AI-generert
- Grunnleggende sykepleie
- Helsevitenskap
- Pleie og omsorgsarbeid
- Psykiatri
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Stendi er Norges største private leverandør av omsorgstjenester, med et landsdekkende tilbud innen heldøgns bo- og omsorgstjenester, barnevern og brukerstyrt personlig assistanse (BPA).
- Antall stillinger: 2
- Sted: 5014 Bergen
- Hjemmekontor: Ingen hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, nattevakt, vikar, medlever
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 475979808
- Sist endret:
- Org.nr.: 985194653Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


