FINNJobbSøkVestlandLærdal
Bilde fra arbeidsgiver
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Audiograf

Helse Førde

  • Søknadsfrist 23.09.2026
  • Ansettelsesform Fast

Audiograf - Lærdal sjukehus

Audiograf – 100% fast stilling i Lærdal

Hørselsentralen i Helse Førde søkjer audiograf til fast stilling ved Lærdal sjukehus. Stillinga er i utgangspunktet 100 %, men anna stillingsprosent kan vurderast.

Vil du kombinere ein fagleg spennande jobb med eit aktivt liv mellom fjell og fjord?
Her får du ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende, samstundes som du blir ein del av eit fagmiljø med 7,5 audiografårsverk fordelt mellom Førde, Lærdal og Nordfjordeid.

Ved Lærdal sjukehus er det òg avtalespesialist i øyre-nase-halssjukdommar. Kontoret ligg i nyoppussa lokale som skal vidareutviklast til eit avtalespesialistsenter. Dette gir eit tverrfagleg arbeidsmiljø og gode moglegheiter for samarbeid.

Vi har faste vekentlege fagmøte for alle audiografane og tett samarbeid med ØNH-legar i Førde. Vi legg til rette for fagleg utvikling, kurs og opplæring.

Bu og lev i Lærdal
Lærdal ligg midt i hjartet av Vestland, med kort veg til både Sognefjorden og høgfjellet. Her får du tilgang til eit rikt friluftsliv med fjellturar, sykling, padling, langrenn, alpint og toppturar året rundt. Samtidig er det berre om lag 40 minutt til Sogndal lufthamn, rundt tre timar til Bergen og fire timar til Oslo med bil. Det er kort veg til Hemsedal, Filefjell og andre populære skiområde. Lærdal er eit trygt og oversiktleg lokalsamfunn med kort veg til jobb, barnehage og fritidsaktivitetar.

Du kan sjå ein video om avtalespesialistsenteret, sjukehuset og Lærdal her: Avtalespesialistsenter ved Lærdal sjukehus


Arbeidsoppgåver

  • Diagnostikk og behandling av høyrseltap hos vaksne
  • Tilpassing og oppfølging av høyreapparat og høyrselstekniske hjelpemiddel
  • Oppfølging av pasientar gjennom heile behandlingsforløpet
  • Pasientrettleiing og opplæring
  • Samarbeid med avtalespesialistar og fagmiljøet ved høyrselsentralen

Kvalifikasjonar

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad, Audiograf
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, skriftleg og munnleg

Vi ser etter deg som:

  • likar sjølvstende og tek ansvar for å utvikle og drifte eit godt audiograftilbod lokalt
  • byggjer gode relasjonar og får folk til å kjenne seg trygge og ivaretatte
  • trivst med varierte dagar og finn gode løysingar når utfordringar dukkar opp
  • ønskjer å vere ein aktiv del av eit fagmiljø, sjølv om kollegaene ikkje sit på nabokontoret
  • har engasjement for faget og lyst til å gjere ein forskjell for pasientane våre

Kvifor velje oss?

  • Vi dekkjer reise og opphald i samband med intervju for kvalifiserte søkjarar
  • Vi hjelper deg med å finne bustad og dekkjer husleiga dei to første månadene
  • Ved behov tilbyr vi dekning av to heimreiser per år dei to første åra etter tilsetjing.
  • Du får stor fagleg fridom og sjølvstende i ein spanande klinisk kvardag
  • Du blir del av eit sterkt audiografmiljø med faste fagmøte kvar veke og samarbeid med erfarne ØNH-legar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Du får arbeide i moderne lokale i vakre omgjevnader mellom fjord og fjell
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Audiograf
  • Audiometri
  • Diagnostisere hørselsskader
  • Hjelpemiddel
  • Norsk

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Audiograf
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Audiograf, Hørsel, Hørselsentral, ØNH, Øre

Helse Førde logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Karianne Haugen Strønen
  • Stillingstittel: Avdelingssjef
  • Mobil: 95 07 68 34
Send SMS
  • Kontaktperson: Karin Refvik
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 97 62 36 83
Send SMS
  • Bli kjent med HELSE FØRDE HF
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra HELSE FØRDE HF

107 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
HELSE FØRDE HF logo

HELSE FØRDE HF

Bli kjent med Helse Førde HF
Hjemmeside

Firmaets beliggenhet

Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 473039992
  • Sist endret: 12.8.2026, 13:19
  • Org.nr.: 983974732Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse