Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sogndal
Bilde fra arbeidsgiver

Digital marknadsførar (vikariat)

Visit Sognefjord As

  • Søknadsfrist 1.9.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Vil du fortelje historiene som får folk til å velje Sognefjorden?

Vår digitale marknadsførar skal ut i barselpermisjon, og vi søkjer difor ein engasjert og kreativ vikar som vil vere med og fortelje historiene om Sognefjorden til verda.

Hos oss får du jobbe med internasjonale kampanjar, innhaldsproduksjon, AI, digitale analysar og marknadsføring som faktisk skaper reiselyst.

Du blir ein viktig del av eit lite og ambisiøst team som kvar dag jobbar for å gjere Sognefjorden til eitt av verdas mest attraktive reisemål.

Om stillinga

Vi søkjer ein dyktig og framoverlent digital marknadsførar som kombinerer kreativ historieforteljing med analytisk tenking.

Du er nysgjerrig på ny teknologi og bruker AI som eit naturleg verktøy i arbeidkvardagen. Du får ei sentral rolle i å utvikle, gjennomføre og analysere digitale marknadsaktivitetar som skaper reiselyst og gir målbare resultat.

Du er nysgjerrig, likar å lære og ser samanhengar som gir grunnlag for nye idear og smartare marknadsføring. Du vil samarbeide tett med reiselivsdirektøren, marknadssjefen og salssjefen om å utvikle og gjennomføre marknadsføringa av Sognefjorden.

Rolla spenner frå strategi og kampanjeplanlegging til innhaldsproduksjon, analyse og optimalisering.

Arbeidsoppgåver

Du vil mellom anna:

  • planleggje, gjennomføre og evaluere digitale kampanjar

  • produsere og publisere innhald i tekst, bilete og video

  • utvikle historiene om Sognefjorden i digitale kanalar

  • ha ansvar for våre sosiale medium og bidra med innhald til sognefjord.no

  • arbeide med SEO, SEM og marknadsautomatisering

  • segmentere målgrupper og vidareutvikle CRM-arbeidet

  • analysere resultat og optimalisere kampanjar basert på innsikt

  • bidra til utvikling av marknadsplanar og digitale handlingsplanar

  • ta i bruk AI for å vidareutvikle marknads- og salsarbeidet

  • bidra med marknadsføring og digitale tenester for medlemsbedrifter og kommunar

  • bidra til kommunikasjon i våre B2B-kanalar

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå innan marknadsføring, kommunikasjon, media eller liknande.

  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

  • 3–5 års erfaring frå digital marknadsføring, marknad eller kommunikasjon.

  • Erfaring med segmentering i CRM-verktøy og arbeid med kundegrupper.

  • Erfaring med Google Ads, Google Analytics og gjerne SEO-verktøy som Semrush eller tilsvarande.

  • Erfaring frå tilsvarande rolle, gjerne frå byrå eller verksemd med digital marknadsføring.

  • Erfaring med betalt annonsering i sosiale medium.

  • Erfaring med innhaldsproduksjon for presse og media.

  • God forståing for innhaldsproduksjon og historieforteljing.

  • Erfaring med relevante AI-verktøy og interesse for korleis AI kan effektivisere marknadsarbeid.

  • Svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på nynorsk, bokmål og engelsk.

  • Du kan utvikle idéar, produsere, publisere og vidareutvikle innhald.

  • Du har erfaring med å koordinere fleire prosjekt og halde fristar.

Det er ønskjeleg at du legg ved døme på tidlegare arbeid, kampanjar, filmar eller bilete saman med CV og søknad.

Kven er du?

  • Du er nytenkjande og kreativ, har eit framtidsretta tankesett og er nysgjerrig på ny teknologi.

  • Du brenn for å fortelje gode historier, og forstår at målet med historieforteljinga er å skape reiselyst og auke trafikken til medlemsbedriftene våre.

  • Du har god kunnskap om kommunikasjonsfaget – både om sjølve innhaldsproduksjonen og korleis innhaldet verkar.

  • Du er kommersielt orientert og oppteken av å skape verdi og resultat.

  • Du er nøyaktig, kvalitetsmedviten og strukturert, og trivst i ein hektisk kvardag.

  • Du jobbar målretta og strukturert, med fokus på målbare resultat, og er ikkje redd for å dykke ned i detaljane.

  • Du er sjølvstendig, proaktiv og tek initiativ.

  • Du er tydeleg, har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og byggjer gode relasjonar.

  • Du har godt humør og trivst med å jobbe saman med andre.

Kva kan vi tilby?

  • Hos oss får du stor fridom til å forme din eigen arbeidskvardag og vere med på å utvikle marknadsføringa av eitt av Noregs sterkaste reisemål.

  • Du får ei spennande og variert rolle med stor moglegheit til å påverke.

  • Du får arbeide med internasjonal marknadsføring av ein av Noregs sterkaste reiselivsdestinasjonar.

  • Du blir ein del av eit dyktig og erfarent team i Visit Sognefjord, og får samarbeide med eit stort nettverk av bransjekollegaer regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

  • Løn blir avtalt etter kvalifikasjonar.

  • Vi tilbyr gode pensjonsordningar.

  • Kontorstad er Sogndal, med noko reiseverksemd i regionen.

  • Og sjølvsagt får du gode moglegheiter til å oppleve alt det fantastiske Sognefjorden har å by på.

Har du lyst til å vere med og fortelje historiene som får folk til å velje Sognefjorden?

Då håpar vi å høyre frå deg!

Praktisk informasjon

Stilling: Vikariat med moglegheit for forlenging

Periode: 15.11.2026–01.07.2027

Søknadsfrist: 1. september 2026

Søknad sender du til: heidi@sognefjord.no

Ferdigheter

  • Datadrevet markedsføring
  • Google Analytics
  • Kunstig intelligens
  • Produsere innhold
  • SEMrush
  • Social Media
  • Søkemotoroptimalisering

Har du lyst til å vere med og fortelje historiene som får folk til å velje Sognefjorden? Foto: Håkon Mæland

  • Har du lyst til å vere med og fortelje historiene som får folk til å velje Sognefjorden?

Foto: Håkon Mæland

Om arbeidsgiveren

Visit Sognefjord AS er det offisielle reisemålsselskapet for Sognefjordregionen.

Vi har rundt 200 medlemsbedrifter, sju eigarkommunar og fem tilsette.

Saman utviklar og marknadsfører vi Sognefjorden som reisemål mot både norske og internasjonale marknader i Europa, Asia og USA.

Vi jobbar med alt frå digitale kampanjar og innhaldsmarknadsføring til sal, presse, internasjonalt samarbeid og berekraftig reisemålsutvikling.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Trolladalen 30, 6856 Sogndal
  • Bransje: Markedsføring og annonsering, Reise og turisme
  • Stillingsfunksjon: Innholdsprodusent, Markedsfører
  • Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk

Nøkkelord

digital markedsføring, innholdsproduksjon, historiefortelling, sosiale medier, seo

Visit Sognefjord As logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Heidi Hauge
  • Stillingstittel: Reiselivsdirektør
  • Mobil: 91 35 07 30
Send meldingSend SMS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Visit Sognefjord As

7 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 472275083
  • Sist endret: 6.8.2026, 15:34
  • Org.nr.: 911713675Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse