FINNJobbSøkVestlandBergen
Bilde fra arbeidsgiver
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Infrastrukturspesialist til vårt datasenter

Helse Vest IKT

  • Søknadsfrist 30.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Brenn du for datasenter, lagring og moderne infrastruktur?

Helse Vest IKT leverer teknologi- og plattformtenester som understøttar spesialisthelsetenesta på Vestlandet. I avdelinga Sky bygger og vidareutviklar vi ei hybrid skyplattform som gir sjukehusa ei trygg, moderne og effektiv plattform for dagens og framtidas behov.

No søker vi ein infrastrukturspesialist som vil vere med å utvikle skyplattforma vår. Du blir ein del av Datasenter-teamet, som har ansvar for datasenter, nettverk, lagring og den underliggande infrastrukturen skyplattforma byggjer på.

Hos oss blir du ein del av eit breitt fagmiljø der datasenter, nettverk, Kubernetes, automatisering og offentleg sky blir levert som éi samla skyplattform. Vi jobbar i produktorienterte team med høg grad av eigarskap, samarbeid og kontinuerleg forbetring.

Vi ser etter deg som brenn for datasenter, likar å automatisere og forenkle, og som ønsker å vere med og forme framtidas plattformtenester. Hos oss får du jobbe med infrastruktur som er avgjerande for pasientbehandlinga i Helse Vest, saman med dyktige kollegaer i eit miljø prega av tillit, kunnskapsdeling og kontinuerleg læring.

Arbeidsstad er i Stavanger eller i Bergen.


Arbeidsoppgåver

  • Sentralisert drift av våre datahaller med innhald.
  • Drift og utvikling av lagringsløysningar.
  • Feilsøking, endringshandtering, feilretting og utvikling.
  • Handtere alarmar, hendingar og tekniske avvik.
  • Bidra til kompetansedeling, fagutvikling og vidareutvikling av eit sterkt nettverksfagleg miljø.
  • Arbeide med GitOps og kunnskapsdeling for å sikre effektive og standardiserte arbeidsprosessar.
  • Bidra til oppfølging og forbetring av IKT-sikkerheita i datasentera.

Kvalifikasjonar

Må-krav

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan IT. Solid relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Du kan sikkerheitsklarerast i samsvar med Verksemdsforskrifta § 69.
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • Erfaring frå drift av større og komplekse IT-miljø.
  • Erfaring frå drift eller forvaltning av datasenterinfrastruktur.
  • Kunnskap om automatisering, skripting eller infrastrukturforvaltning.
  • Relevant sertifisering innan infrastruktur, virtualisering, sky eller datasenterteknologi er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvars- og kvalitetsbevisst med høg grad av integritet.
  • Du kan jobbe sjølvstendig og tverrfagleg med komplekse oppgåver.
  • Har eit framtidsretta tankesett, og er nysgjerrig på teknologi og open for nye utfordringar.
  • Har respekt for andre sine tankar og meiningar.
  • Er hjelpsam, kunnskapsrik og trivst med å dele kompetanse og bidra til fagleg utvikling i teamet.

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe med teknologi som støttar livsviktige tenester og bidreg til ei trygg og moderne helseteneste? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Hos oss får du:

  • Ei sentral rolle i utviklinga og drifta av ein av Noregs mest komplekse og samfunnskritiske IT-infrastrukturar.
  • Moglegheit til å arbeide med moderne teknologi og løysingar i stor skala.
  • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver med stor påverknad på tenestene vi leverer til sjukehusa på Vestlandet.
  • Opplæring, sertifiseringar og kurs innan fagområda du skal arbeide med.
  • Tett samarbeid med dyktige kollegaer på tvers av teknologi- og fagmiljø.
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkludert lunsj.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med høg trivsel og godt kollegialt samhald.
  • Løn etter avtale.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Datalagringsløsninger
  • Datasenter
  • Hendelsehåndtering
  • IT Infrastructure Management

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.


Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.


Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.


Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
  • Flere arbeidssteder: Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger
  • Bransje: Helse og omsorg, IT
  • Stillingsfunksjon: Drift/Operations
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

datasenter, lagring, hardware, automasjon, sky

Helse Vest IKT logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Ivan Dyb Holmedal
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 90 60 22 28
Send SMS
  • Bli kjent med Helse Vest IKT AS
  • Flere stillinger fra Helse Vest IKT AS

1002 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Helse Vest IKT AS logo

Helse Vest IKT AS

Det kan hende du er livsviktig
  • LinkedIn
  • Facebook
Søk jobb hos oss

Firmaets beliggenhet

Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 473260725
  • Sist endret: 14.8.2026, 11:50
  • Org.nr.: 987601787Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse