FINNJobbSøkVestlandVoss
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Sesongmedarbeider

Voss Resort AS

  • Søknadsfrist 18.9.2026
  • Ansettelsesform Sommer/Sesong

Sesongmedarbeider vintersesongen 26/27

Vil du jobba i Vestlandets største skisenter og vera med på å skapa gode opplevingar for gjestene våre? Då vil me gjerne jobba med deg!

Voss Resort søkjer etter sesongmedarbeidarar frå desember til april. Me ser etter deg som er engasjert, glad i folk, og som trivst med å vere i aktivitet – ute eller inne. Hjå oss blir du ein viktig del av laget som sørger for at gjestene våre får ei trygg, kjekk og minneverdig oppleving.

Du passar godt hjå oss om du er sjølvstendig, positiv, løysingsorientert og ikkje redd for å by på deg sjølv. Eit glimt i auga og godt humør tek deg langt!

Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me å høyra frå deg.

Til vintersesongen 2026/2027 søkjer me personale til fylgjande stillingar: 

  • Heisførar / gondolførar, heiltid/deltid (over 18 år og norsktalande)

  • Skipatrulje, deltid (relevant erfaring eller helsefagleg bakgrunn)

  • Gjesteservice, heiltid/ deltid (resepsjon/ billettsal og norsktalende)

  • Servicevert, deltid (passer for skuleungdom)

  • Skiinstruktør/ skishop, heiltid/ deltid (skiinstruktører må ha norsk eller internasjonalt godkjent sertifisering, trinn 2 og oppover)

Me tilbyr ein sosial arbeidsplass i ein spanande og hektisk bransje, med uteglade kollegaer og mykje godt humør. Arbeidstida følgjer turnus og kan omfatta kveldar, helger og feriar. Dei fleste deltidsstillingane inneber arbeid i helger og feriar og kan fint kombinerast med studium.

Obs, hugs å presiser kva stilling du søker på i søknaden din.

Om arbeidsgiveren

Voss Resort er Vestlandets største skisenter, med 40 kilometer preparerte alpinløyper og 24 varierte nedfartar for både nybyrjarar, familiar og erfarne skikøyrarar. Anlegget har to stolheisar og sju skitrekk i tillegg til Vestlandets lengste gondolbane. Gondolen er ei av dei største i Nord-Europa og tek gjestene direkte frå Voss sentrum til Hangurstoppen på under ni minutt.

På Hangurstoppen ligg moderne Hangurstoppen Restaurant, som også er Voss sin største restaurant. I tillegg har me fleire serveringsstader i anlegget gjennom vinteren. Me tilbyr også skiskule, skiutleige og utleige av hytter og leilegheiter tett på skibakken.

Gjester kjem til oss fordi dei her får opplevingar dei ikkje får andre stader. Med gondolen like ved Voss stasjon er det enkelt for tilreisande å koma seg frå jernbanen og direkte til fjells på ein miljøvenleg måte.

Voss Resort er ein sentral aktør i bygda og ein av motorane for den positive utviklinga på Voss. Me har fleire spanande prosjekt under planlegging og ventar stor utvikling i aktiviteten dei komande åra.

Visjonen vår er å gje gjestene opplevingar som vert hugsa og snakka om. Me som jobbar her, er ekte, ærlege, kreative og litt (små)gale vossingar* med glimt i auga.

*Alle som er ekte, ærlege, kreative og litt gale, kan kallast vossingar.

  • Sektor: Privat
  • Antall stillinger: 20
  • Sted: 5704 Voss
  • Bransje: Hotell og overnatting, Idrett og trening, Reise og turisme
  • Stillingsfunksjon: Kundeservice
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

sesongmedarbeider, skisenter, kundeservice, gjesteopplevelse

Voss Resort AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Bente Brekke
Send melding
  • Bli kjent med Voss Resort AS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Voss Resort AS

193 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

5704 Voss

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 473033726
  • Sist endret: 12.8.2026, 12:02
  • Org.nr.: 959031517Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse