Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Voss

HR konsulent

Voss herad

  • Søknadsfrist 24.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Er du klar for nye utfordringar? Då vil me gjerne høyre frå deg

Er du klar for nye utfordringar? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Voss herad si HR-avdeling søkjer 2 engasjerte og løysingsorienterte kollegar til avdelinga.

Om avdelinga:
HR-avdelinga består av 11 tilsette, inkludert HR sjef og fagleiar. Du vert ein del av ei aktiv og kompetent avdeling med ansvar for utvikling, rådgjeving og opplæring innan HR og HMS- feltet. Arbeidet på HR-avdelinga er prega av utstrekt samarbeid på tvers i organisasjonen med moglegheit for påverknad og fagleg utvikling.
Me har ledig 2 faste 100% stillingar som HR-konsulentar, der den eine stillinga krev turnuskompetanse.

Me tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der me støttar og oppmuntrar kvarandre
  • Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å påverka eigen arbeidskvardag
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk
  • Fleksitid
  • Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
  • Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår 

Arbeidsoppgåver

For HR-konsulent med turnuskompetanse:

  • Brukarstøtte og rettleiing til leiarar i arbeidstidsplanlegging og ressursstyring ved bruk av Visma GAT ressursstyring

For begge stillingar:

  • Sakshandsaming innan personalområdet
  • Løn, refusjon, sjukepengar
  • Bidra til vidareutvikling og forbetring av system og prosessar
  • Utarbeida og følgja opp personalpolitiske dokument
  • Råd og rettleiing av leiar om lov og avtaleverk
  • Kompetanseutvikling
  • Samarbeid med arbeidstakarorganisasjonar

Andre oppgåver som til dømes systemansvar kan verte lagt til stillinga

Me ynskjer at du har

For HR-konsulent med turnuskompetanse:

  • Erfaring og kompetanse i ressursstyring og arbeidstidsplanlegging
  • God forståing for utarbeiding av turnus
  • Erfaring i bruk av GAT som verktøy

For begge stillingar:

  • Det er ynskjeleg med bachelorgrad. Erfaring kan kompensere for formalkompetanse
  • Kjennskap til lov og avtaleverk i kommunal sektor
  • God systemforståing og IT-kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

 Det er ein fordel med erfaring frå HR/løns-feltet.

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert, sjølvstendig og nøyaktig
  • Fleksibel, samarbeidsvillig og serviceinnstilt
  • Løysingsorientert med evne til raskt å setja seg inn i nye system og prosessar
  • God lagspelar og tillitsskapande relasjonsbyggar
  • God formidlingsevne

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ferdigheter
AI-generert

  • Administrere lønn
  • Juridisk bistand
  • Kjennskap til offentlig virksomhet og lov - og avtaleverk
  • Lage vaktlister
  • Norsk
  • Visma Gat Arbeidsplan

Om arbeidsgiveren

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
  • Sektor: Offentlig
  • Antall stillinger: 2
  • Sted: Voss Tinghus, 5700 Voss
  • Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
  • Bransje: Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering

Nøkkelord

HR, konsulent, personal, løn, GAT

Voss herad logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Mette Matthiessen
  • Stillingstittel: HR sjef
  • Mobil: 97 05 03 65
Send SMS
  • Kontaktperson: Trine Langøen
  • Stillingstittel: Fagleiar HR
  • Mobil: 90 61 17 80
Send SMS
  • Bli kjent med Voss Herad
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Voss Herad

192 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Voss Tinghus, 5700 Voss

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 469429638
  • Sist endret 10.7.2026, 12:05
Rapporter annonse