Driftsoperatør reinseanlegg 100 % fast stilling
Voss herad
- Søknadsfrist 25.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye kollega innan avløp og reinseteknologi?
Vil du jobbe med teknologi, miljø og eit viktig samfunnsoppdrag?
Voss herad søkjer ein engasjert og løysingsorientert driftsoperatør til avløpssektoren. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med ansvar for drift av reinseanlegget som bidreg til eit reinare vassmiljø og ei berekraftig samfunnsutvikling.
Stillinga har hovudarbeidsstad ved Voss reinseanlegg, som er dimensjonert for om lag 20 000 personekvivalentar. I tillegg har avdelinga ansvar for drift og oppfølging av sju mindre reinseanlegg rundt om i kommunen.
Som driftsoperatør vert du ein del av eit kompetent fagmiljø som arbeider med avanserte prosessar, tekniske løysingar og kontinuerleg utvikling av avløpsinfrastrukturen i kommunen.
Ver med og bygg framtidas reinseanlegg
Dei neste åra skal Voss herad gjennomføre eit av sine største VA-prosjekt bygginga av nytt reinseanlegg i Myrkdalen. Anlegget er planlagt ferdigstilt i 2028 og skal møte framtidige krav til reinseeffekt, driftstryggleik og miljø.
Som driftsoperatør får du ei unik moglegheit til å bidra med praktisk driftserfaring og faglege innspel gjennom planleggings- og byggefasen, og seinare vere med på å forme drifta av eit nytt og moderne reinseanlegg.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift og tilsyn ved Voss reinseanlegg og dei mindre reinseanlegga i kommunen
- Overvaking og oppfølging av reinseprosessar
- Drift og bruk av driftskontrollsystem (SCADA)
- Feilsøking og optimalisering av prosessar
- Vedlikehald av prosessutstyr, pumper og tekniske installasjonar
- Prøvetaking, dokumentasjon og rapportering
- Deltaking i utviklings- og investeringsprosjekt
- Bidra til eit godt HMS-arbeid
- Deltaking i vaktordning etter gjeldande planar
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har:
Fagbrev eller relevant utdanning innan eitt eller fleire av desse fagområda:
- Prosessfag
- Kjemiprosess
- Automatisering
- Elektro/automasjon
- Røyrleggjar- eller industrirøyrleggarfaget
- Andre relevante tekniske fagområde
- Erfaring frå reinseanlegg, prosessindustri, VA-sektoren eller anna teknisk drift er ein fordel
- Førarkort klasse B
Relevant erfaring kan kompensera for manglande formalkompetanse.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Har interesse for tekniske anlegg og prosessdrift
- Arbeider strukturert og tek eigarskap til oppgåvene dine
- Er løysingsorientert og praktisk lagt
- Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med kollegaer
- Kan arbeide både sjølvstendig og i team
- Har digital kompetanse og interesse for moderne driftsverktøy
Kvifor velje Voss herad?
Du får moglegheit til å arbeide med samfunnskritisk infrastruktur, bidra til eit betre miljø og vere med på spennande utviklingsprosjekt.
Hjå oss får du:
- Ei meiningsfull stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
- Ein variert arbeidskvardag med moderne teknologi og faglege utfordringar
- Eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Deltaking i vaktordning med godtgjersle etter gjeldande avtalar
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Klar for å gjere ein forskjell?
Vil du vere med og sikre reint vatn, eit betre miljø og framtidsretta løysingar for innbyggjarane i Voss herad? Då håpar vi å høyre frå deg.
Søknad
Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste.
Ferdigheter AI-generert
- Automatisering
- Drift og vedlikehold
- Maskinvedlikehold (prosessindustri)
- Mekaniske pumper
- Prosessoptimalisering (produksjonsprosesser)
- Samle inn prøver
- SCADA
- Vedlikehold av teknisk utstyr
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Sted: Uttrågata, 5705 Voss
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester
- Stillingsfunksjon: Teknisk personell
Nøkkelord
vann, avløp, kommune, drift, opperatør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 469825736
- Sist endret
