FINNJobbSøkVestlandBergen
Bilde fra arbeidsgiver
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Seksjonsleiar ved Seksjon for Alderspsykiatri

Helse Bergen HF

  • Søknadsfrist 31.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Seksjonsleiar ved Seksjon for Alderspsykiatri

Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har to avdelingar som er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Regional avdeling spiseforstyrringar. Seksjon for alderspsykiatri, Seksjon konsultasjonspsykiatri og Seksjon for nevrostimulerande behandling er lokalisert under Avdeling psykosomatisk medisin.

Seksjon for alderspsykiatri greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand/psykose.

Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar og har i tillegg polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen er lokalisert i Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus.

Vi har no ledig fast stilling som seksjonsleiar ved Seksjon for alderspsykiatri. Vi søker deg som har ei særskild interesse for fagfeltet alderspsykiatri. Du får ei viktig rolle i utviklinga av seksjonen inn mot framtidas behov.


Arbeidsoppgåver

  • Ha ansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet i seksjonen
  • Ansvar for arbeidstidsplanlegging og bemanning
  • Sørge for at seksjonen skapar effektive pasientløp gjennom god planlegging, logistikk og samhandling internt og eksternt
  • Bidra til utvikling av god pasienttilfredsheit og rett medisinsk prioritering
  • Motivere og legge til rette for kvalitetsforbetringsarbeid i seksjonen
  • Stimulere til opplæring, kompetanseheving og utdanning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid er eit krav
  • Må ha leiarerfaring, erfaring frå drift av sengepost er ein fordel
  • Arbeidserfaring frå psykisk helsearbeid er ein føresetnad, ein fordel med erfaring frå alderspsykiatri
  • Engasjement og interesse for fagfeltet alderspsykiatri
  • Må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Må ha god IKT-kompetanse
  • Kunnskap om EPJ, og andre fagsystem er ein fordel
  • Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga spesielt med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Du er løysingsorientert, fleksibel og har gode relasjonelle ferdigheiter
  • Framtids-, endrings- og handlingsorientert
  • Sterk på å ta avgjerder og å gjennomføre desse
  • Tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar
  • Utviklar gode samarbeidsrutinar, internt og eksternt
  • Arbeider for eit godt arbeidsmiljø med vekt på innvolvering, openheit og tillit

Vi tilbyr

  • Eit inkludarende, tverrfagleg kollegie med spesialisert fagkompetanse
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter avtale

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Alderspsykiatri
  • Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Ledelse, Psykiatri
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Seksjon for alderspsykiatri, seksjonsleder, seksjonsleiar, alderspsykiatri, haukeland sykehus

Helse Bergen HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Ann Christin Øren Rivenes
  • Stillingstittel: Avdelingssjef
  • Mobil: 55 97 45 62
Send SMS
  • Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
  • Flere stillinger fra Haukeland universitetssjukehus

2758 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

    Firmaets beliggenhet

    Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode: 473012049
    • Sist endret: 12.8.2026, 07:51
    • Org.nr.: 974557746Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
    Rapporter annonse