Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Helsesekretær og sekretær til faste stillingar

Helse Bergen HF

  • Søknadsfrist 23.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Helsesekretær og sekretær - faste stillingar

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.

Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.

Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:

  • Barne- og ungdomsklinikken
  • Nevroklinikken
  • Drift/teknisk divisjon, Hospitaldrift telefoni

Kvalifikasjonar (overskrift)

Barne- og ungdomsklinikken BUK-kontor er ein eining med 17 årsverk fordelt på 22 tilsette. Eininga er organisert i team, inndelt etter fagseksjonar, og arbeidet blir utført gjennom rullering mellom ulike arbeidsstasjonar. Arbeidsstasjonane omfattar mottak for barn og unge, resepsjon (bemanna i samarbeid med KK), telefonbetening, inntaksdagar med planlegging og innkalling av pasientar, måle- og vektstasjon samt beinmargsutstryk.

I tillegg bemannar eininga tre sengepostar med postsekretærar. Denne stillinga inngår ikkje i den ordinære rulleringsordninga.

Eininga har 2-delt turnus i mottaket for barn og unge og i resepsjonen i Glassblokkene, som bemannast i samarbeid med KK. Turnusen omfattar dag- og kveldsvakt, og arbeid på helgar og heilagdagar må påreknast. 2-delt turnus (vakter: 07:00-1430, 08:00-15:30, 11:30 - 19:00, 10:00 - 18:00, 15:30 - 22:30).

Arbeidsoppgåver vil vere beinmargsutstryk, måling og veging av barn/ungdom før legekonsultasjon.

Kontakt: Sissel Iversen, Tlf. 40833399


Nevroklinikken
består av Nevrologisk avdeling, Nevrokirurgisk avdeling, Avdeling for Klinisk nevrofysiologi, Logopedtenesta og Neuro-SysMed. Klinikken tar årleg imot nær 8000 pasientar for innlegging og om lag 18.000 pasientar for poliklinisk konsultasjon. Ved Nevrokirurgisk avdeling blir det utført omkring 1200 inngrep kvart år, av dei over 370 behandlingar i Strålekniv (gammakniv). Forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene ved Nevroklinikken, og vi har eit av dei største forskingsmiljøa ved Haukeland universitetssjukehus. Merkantil teneste i Nevropoliklinikken utfører eit breitt spekter av oppgåver for dei ulike einingane i klinikken. Vi har nå ledig 100% fast stilling som sekretær/helsesekretær med oppgåver knytt til poliklinikk og sengepost ved Nevrologisk avdeling. Det må påreknast å utføre oppgåver elles i klinikken ved behov.

Arbeidsoppgåver vil vere pasientadministrative oppgåver, telefon/resepsjonsteneste, bestilling av transport/overnatting/tolk med meir, økonomisk oppgjer, yte service til pasientar, pårørande og kollegaer og andre oppgåver i klinikken ved behov.

Vi ser etter ein medarbeidar som er målretta, strukturert og sjølvstendig, du trivst i eit tverrfagleg miljø, du er fleksibel og likar varierte utfordringar, du meistrar høgt arbeidstempo og har god evne til å prioritere, du er profesjonell og empatisk i møte med pasient og pårørande, du likar å arbeide i team, du har evne til omstilling og du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Kontakt: Mette Myhre, Tlf 55978230

Drift/teknisk avdeling, Hospitaldrift telefoni har ansvaret for sentralbordtenesta ved Haukeland universitetssjukehus. På kveld, natt og i helger overtek eininga også sentralbordtenesta for Voss sjukehus og Kysthospitalet i Hagevik. Medarbeidarane i Hospitaldrift telefoni har god kjennskap til Helse Bergen som organisasjon og kva som sorterer under den enkelte avdeling. Dette set oss i stand til å gje brukarane ein sikker, god og effektiv service.

Vi har ledig 100% fast stilling som sekretær. Stillinga er ledig frå snarast eller etter nærare avtale. Arbeidsoppgåver vil vere å betene sjukehuset sitt sentralbord, inngå i vaktturnus, som også omfattar kveld, natt og helg. Vi ser etter ein medarbeidar som har særs god munnleg framstillingsevne, du må ha gode språkkunnskapar i norsk og engelsk og erfaring frå sentralbord og kjennskap til organisasjonen er ein.

Kontakt: Frode Hamre, Tlf. 55975000

Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling

  • Pasientadministrative oppgåver
  • Telefon/resepsjonsteneste
  • Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
  • Økonomisk oppgjer
  • Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
  • Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr/transport/tolk
  • Ved Avdeling for medisinsk genetikk bistår sekretærane mellom anna med blodprøvetaking, mottak og registrering av pasientprøver, og tegning av slektstre

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
  • Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
  • Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
  • Du må ha gode IKT-kunnskapar
  • Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
  • Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Nøyaktigheit
  • Serviceinnstilling
  • Fleksibel og evne til å ta utfordringar
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste oppverifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Hardu utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgareutdanning og kompetanse

Ferdigheter
AI-generert

  • Betjene sentralbord
  • Booking av transport
  • Norsk
  • Pasientadministrasjon
  • Resepsjonsarbeid på sykehus eller legekontor
  • Sekretariat
  • Telefon som arbeidsverktøy

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sektor: Offentlig
  • Antall stillinger: 2
  • Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Helsesekretær, Sekretær
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

helsesekretær, sekretær, merkantil, haukeland sykehus

Helse Bergen HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Sjå kontaktperson
  • Stillingstittel: oppgitt for den enkelte avdelinga
  • Kontaktperson: Sigrun Hoem Evensen
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar Bemanningssenteret
Send melding
  • Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
  • Flere stillinger fra Haukeland universitetssjukehus

2757 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

    Firmaets beliggenhet

    Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode: 472380543
    • Sist endret: 7.8.2026, 12:20
    • Org.nr.: 974557746Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
    Rapporter annonse