Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Stad
Bilde fra arbeidsgiver

Seksjonsleiar

Helse Førde

  • Søknadsfrist 09.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Seksjonsleiar

Vil du vere med og forme framtidas sekretærtenester i Helse Førde?

Då kan stillinga som seksjonsleiar ved Serviceseksjon Nordfjord vere noko for deg.

Serviceseksjon Nordfjord leverer sekretærteneste til skadepoliklinikken, medisinsk avdeling og radiologisk avdeling. Seksjonen har ansvar for pasientadministrative oppgåver, mellom anna innkalling av pasientar, registreriing, telefoni, betaling og skriveteneste. I tillegg har seksjonen ansvar for sentralbord og ID-kort ved Nordfjord sjukehus.

Som seksjonsleiar blir du ein viktig del av den lokale leiargruppa ved Nordfjord sjukehus og medlem i sjukehuset si beredskapsleiing. Det er jamlege møtepunkt og tett samarbeid med dei andre leiarane ved sjukehuset. Du blir òg ein del av leiarteamet i Avdeling for medisinsk sekretærteneste.

Sekretærtenesta er eit fagområde i stadig utvikling. Nye arbeidsformer og innføring av teknologi skapar nye moglegheiter og endrar måten vi arbeider på. Vi søkjer deg som er framtidsretta og ønskjer å vere med på å utvikle og styrkje sekretærtenestene i Helse Førde.

Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her finn du gode barnehage- og skuletilbod, eit rikt fritids- og kulturtilbod og flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt. Det er òg kort veg til flyplass.

Sjå videoen der Marielle fortel om kvardagen som helsesekretær, og kva som gjer jobben hennar meiningsfull og verdifull.

Vi ser fram til å motta søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • Personal, fag og økonomiansvar
  • Deltaking i prosjekt
  • Medlem i lokal beredskapsleiing
  • Vere innstilt på å Jobbe i drift som sekretær ved behov

Kvalifikasjonar

Krav:

  • Erfaring med leiing og personalansvar, eventuelt prosjektleiing
  • Helsesekretærutdanning eller anna relevant utdanning og erfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Ønskje:

  • Erfaring som sekretær ved sjukehus/poliklinikk
  • Kunnskap om pasientdatassytema vi brukar; Dips Arena og Sectra

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Du arbeider godt både sjøvstendig og i team
  • Du har engasjement og pådrivarvilje
  • Du er framtidsretta og har endringsvilje/evne
  • Du arbeider målretta og strukturert

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Opplæring
  • Leiarutviklingsprogram tilpassa leiarar i Helse Førde

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Sjukehusvegen 13, 6770 Nordfjordeid
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Helsesekretær, Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Leiar, Leder, Personal, Økonomi, Sekretær

Helse Førde logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Hanne Irene Emberland Bildøy
  • Stillingstittel: Avdelingssjef
  • Mobil: (+47 )57 83 13 25
Send SMS
  • Bli kjent med HELSE FØRDE HF
  • Flere stillinger fra HELSE FØRDE HF

104 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
HELSE FØRDE HF logo

HELSE FØRDE HF

Bli kjent med Helse Førde HF
Hjemmeside

Firmaets beliggenhet

Sjukehusvegen 13, 6770 Nordfjordeid

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 469159755
  • Sist endret 7.7.2026, 12:30
Rapporter annonse