Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Ulstein
Bilde fra arbeidsgiver

Finansiell Rådgivar

Sparebanken Norge

  • Søknadsfrist 12.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du ta ei sentral rolle og bygge vidare på ei sterk banksatsing i Ulsteinvik?

Finansiell Rådgivar, Ulsteinvik

Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du vil difor kunne påverke og bidra i avgjersler hos oss.

Det viktigaste karrierevalet du tek, er laget du vel å spele for. Lagkjensla avgjer om vi trivst, meistrar og utviklar oss – og den byggjer vi no sterkare enn nokon gong. Saman skal vi skape Noregs beste sparebank, og vi vil ha deg med på laget!

Om kontoret og laget

Vi har etablert oss som ein ambisiøs og tydeleg aktør i bankmarknaden i Ulsteinvik – og vi er i vekst. No søkjer vi ein rådgjevar som vil vere med å styrkje satsinga vår vidare, og som får energi av rådgjeving, relasjonsbygging og målretta sal.

Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø på Sunnmøre, med tett samarbeid mellom person- og bedriftsmarknaden. Vi utfordrar kvarandre, heiar på kvarandre og jobbar strukturert for å nå dei klare ambisjonane våre for vidare vekst i regionen.

Kva går jobben ut på?

Som finansiell rådgjevar hos oss får du eit tydeleg ansvar for å utvikle og byggje eigen kundeportefølje. Du er ein aktiv sparringspartnar for kundar i ulike livsfasar, og jobbar heilskapleg med rådgjeving innan lån, sparing og forsikring.

Du tek eigarskap til nye kundar, følgjer dei tett opp og identifiserer nye moglegheiter for verdiskaping. I tillegg får du eit særleg ansvar for sal og rådgjeving innan person- og skadeforsikring frå Frende.

Rolla krev at du er synleg og tilgjengeleg – både fysisk og digitalt. Du jobbar aktivt med prospektering, relasjonsbygging og nysal på tvers av kanalar. Du ventar ikkje på at kundane skal ta kontakt – du tek initiativ.

Som finansiell rådgjevar blir du ein sentral del av satsinga vår i regionen. Arbeidskvardagen er variert og krev både fagleg tyngde, kommersiell forståing og sterke mellommenneskelege ferdigheiter. Samstundes blir du del av eit ambisiøst fagmiljø der vi utfordrar kvarandre, deler kompetanse og jobbar målretta for vidare vekst.

Det er eit krav til alle finansielle rådgivarar i Sparebanken Norge å vere autorisert i sparing og investering, kreditt, person- og skadeforsikring. Det er eit ønskje at søkjarar er ferdig autorisert, men det er ikkje eit krav for å søkje. Banken vil legga til rette for å tileigna seg naudsynt kunnskap via autorisasjon og opplæring.

Vi oppfordrar både personar med bankerfaring og personar i nærliggande yrker som inneheld kreditt/rådgiving/sal om å søke på stillinga hos oss.

Kven er du?

Vi ser etter deg som har erfaring frå bank, forsikring, sal eller annan rådgjevande verksemd – og som ønskjer å utvikle deg vidare i ei rolle med tydeleg ansvar og forventningar. Det viktigaste for oss er at du er motivert for å utvikle deg vidare og skape verdi for kundane gjennom god og heilskapleg rådgjeving.

Du er ein relasjonssterk og truverdig rådgjevar som skapar tillit og tek ansvar for eigne resultat. Du må trivast med kundedialog, har kommersiell forståing og får energi av å skape verdi for kundane gjennom heilskapleg rådgjeving.

Har du AFR-sertifisering og/eller utdanning innan økonomi, er det ein fordel. Samstundes veit vi at haldningar, drivkraft og måten du møter menneske på, ofte veg vel så tungt.

Vi trur du vil lukkast i stillinga og trivast hos oss dersom du:

  • er flink til å byggje relasjonar og set deg raskt inn i kunden sine behov
  • er nysgjerrig, initiativrik og lærevillig
  • trivst med tempo og har eit sterkt engasjement for å skape gode resultat
  • har erfaring frå rådgjeving og sal – gjerne innan bank og forsikring
  • er målretta i arbeidet og blir motivert av å levere vekst og gode salgsresultat

Hva får du hos oss?

Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast – både i rolla og i karrieren. Du får heile Sparebanken Norge i ryggen, med tilgang til støttefunksjonar, spesialistar og tverrfagleg kompetanse frå heile landet.

Du blir del av ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle – og du får fridom til å påverke både din eigen arbeidskvardag og utviklinga i banken.

I Sparebanken Norge byggjer vi ikkje bare ein bank – vi byggjer eit lag. Vil du bli med?

Vi gleder oss til å høyre frå deg! Ta gjerne kontakt med oss for en hyggeleg prat.

Arbeidssted: Ulsteinvik

Søknadsfrist: 10. august 2026

Ferdigheter
AI-generert

  • Autorisasjon som kredittrådgiver
  • Autorisert Finansiell Rådgiver
  • Eiendomsforsikring
  • Forsikringstyper
  • Godkjenningsordningen for selgere og rådgivere i skadeforsikring (GOS)
  • Lite lån
  • Personforsikring
  • Bilde 1 av 1 i jobbannonse-galleriet
  • Sektor: Privat
  • Sted: Sjøgata 38, 6065 Ulsteinvik
  • Bransje: Bank, finans og forsikring, IT
  • Stillingsfunksjon: Konsulent, Kundeservice, Rådgivning

Nøkkelord

Rådgivning, Kundeportefølje, Salg, Finansielle produkt, Personlig økonomi

Sparebanken Norge logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Eirik Vartdal
  • Stillingstittel: Banksjef Sunnmøre
  • Mobil: 47 80 87 81
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Sparebanken Norge
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Sparebanken Norge

1076 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Sparebanken Norge logo

Sparebanken Norge

Nysgjerrig på jobb hos oss?
  • Bærekraft
  • Samfunnsansvar
Følg oss på LinkedIn

Firmaets beliggenhet

Sjøgata 38, 6065 Ulsteinvik

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 469919075
  • Sist endret 16.7.2026, 11:36
Rapporter annonse