Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Ulstein

Sales Manager Aftermarket

Ulstein Design & Solutions AS

  • Frist 30.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Sales Manager Aftermarket

Ulstein Design & Solutions søkjer Sales Manager Aftermarket

Har du interesse for sal, nettverksbygging og maritime løysingar?

Vi søkjer ein engasjert Sales Manager Aftermarket som vil vere med å utvikle - samt styrke relasjonane våre med kundar i drift. Du blir ein sentral del av ettermarknadsteamet vårt – eit miljø der samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og løysingsorientert arbeid står i sentrum.
Du er ein person som trivst i møte med folk, som likar å sjå moglegheiter og som får energi av å skape gode resultat. Du er nysgjerrig, framoverlent og utadvent. Du har interesse for sal, design, tekniske løysingar og forbetring av arbeidsprosessar.

I rolla som Sales Manager Aftermarket blir du ein del av eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø i Ulstein Design & Solutions – ein plass der ingen dagar er like. Du jobbar tett med både kundar og kollegaer for å finne dei beste løysingane, og sal, tilbod og nettverksbygging er ein naturleg del av kvardagen.
Du får ei sentral rolle i å marknadsføre og selje engineeringtenester knytt til reparasjonar, vedlikehald og ombyggingar av skip, i tett samarbeid med kundar, leiar for ettermarknad og interne fagmiljø. I tillegg må du rekne med noko prosjektarbeid og bidra aktivt i forbetring av arbeidsprosessar.

Du vil vere ein sentral bidragsytar i å styrke selskapet sin posisjon i marknaden, og rolla gir deg ei unik moglegheit til å jobbe kommersielt i skjeringspunktet mellom sal, teknisk og maritime løysingar.

Er dette noko for deg? Då ser vi fram til å høyre frå deg!

Ferdigheter
AI-generert

  • Design
  • Maritim teknologi
  • Teknisk konsulentvirksomhet

Om arbeidsgiveren

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette.
Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. 

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Design & Solutions AS utviklar ei rekke prisvinnande skipsdesign og systemløysingar. I tillegg tilbyr selskapet tenester innan engineering, prosjektstyring og siteoppfølging for skipsbygging. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.
  • Sektor: Privat
  • Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
  • Bransje: Maritim og offshore
  • Stillingsfunksjon: Salg, Teknisk salg
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Selger, Ettermarked, Salg, skipsdesign, teknisk

Ulstein Design & Solutions AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Runar Muren
  • Stillingstittel: Managing Director
  • Mobil: 95 17 07 64
Send SMS
  • Bli kjent med Ulstein Design & Solutions AS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Ulstein Design & Solutions AS

22 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 467938471
  • Sist endret 24.6.2026, 09:02
Rapporter annonse