Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Ålesund

Account Manager SMB

Tussa IKT

  • Søknadsfrist 20.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du jobbe med utvikling av kundar og vere med å skape verdi for små og mellomstore bedrifter?

Vi søkjer ein motivert og strukturert account manager SMB som skal jobbe med dei små og mellomstore kundane våre. Du vil ha ansvar for å vidareutvikle kundebasen og sikre at kundane våre får god oppfølging og dei beste løysingane.

Hos Tussa IKT blir du ein del av eit av dei største og mest komplette IT-miljøa på Nordvestlandet. Du får arbeide saman med erfarne spesialistar innan IT-drift, informasjonssikkerheit, skytenester og digitale arbeidsflater. Dette gir deg eit unikt høve til å utvikle deg som rådgjevar og hjelpe kundane med løysingar som skaper reell verdi.

Kontorstad kan vere Ørsta, Ålesund eller Sykkylven.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Oppfølging og utvikling av SMB-kundar

  • Identifisere nye behov og moglegheiter hos kundane

  • Rettleie kundane til gode løysingar

  • Bidra til vekst og auka kundeverdi

  • Samarbeide tett med seljarane

Kvalifikasjonar:

  • Solid erfaring innan sal / kundebehandling

  • Gode kommunikasjonsevner

  • Interesse for relasjonsbygging og rådgjeving

Det er ein fordel om du har:

  • Relevant utdanning innan sal, marknadsføring, økonomi eller IT

  • Erfaring frå IT-bransjen, telekom eller andre teknologirelaterte fagområde

  • Erfaring med CRM-system og strukturert salsarbeid

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi kan tilby

  • Ein spennande kvardag i eit aktivt salsteam

  • Gode utviklingsmoglegheiter

  • Konkurransedyktige vilkår

Om arbeidsgiveren

Tussa

Tussa er eit leiande energi- og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør. 

Tussa har hovudkontor i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.

Tussa IKT

Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 130 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven. 

  • Sektor: Privat
  • Sted: Langelandsvegen 35, 6010 Ålesund
  • Flere arbeidssteder: Ullavikvegen 39, 6230 Sykkylven, 6150 Ørsta
  • Hjemmekontor: På kontoret
  • Bransje: IT, Konsulent og rådgivning, Kraft og energi
  • Stillingsfunksjon: Konsulent, Økonomi og regnskap, Salg
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

account manager, smb, kundebehandling, salgsarbeid, crm

Tussa IKT logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Jan-Olav Dagfinrud
  • Stillingstittel: Salssjef IT
  • Mobil: 98 26 32 20
Send meldingSend SMS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Tussa IKT

1571 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Langelandsvegen 35, 6010 Ålesund

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 469421720
  • Sist endret 10.7.2026, 13:05
Rapporter annonse