Bioingeniør
Helse Bergen HF
- Søknadsfrist 31.07.2026
- Ansettelsesform Fast
Bioingeniørar
Ønskjer du å arbeide i ei stor avdeling med høg fagleg kompetanse og mange spennande oppgaver? Avdeling for patologi ved Haukeland universitetssjukehus har no fire ledige faste bioingeniørstillingar.
Avdeling for patologi er ei stor og velutstyrt avdeling med nærmare 150 tilsette og eit breitt diagnostisk tilbod innan biopsi, cytologi, obduksjon og rettsmedisin, elektronmikroskopi, nyre- og nevropatologi. Vi tek årleg imot om lag 110 000 prøvar og utfører rundt 300 obduksjonar. Avdelinga har omfattande forskingsaktivitet i samarbeid med Universitetet i Bergen og andre fagmiljø i sjukehuset, mellom anna Biobank Haukeland, og utfører molekylærpatologisk diagnostikk i samarbeid med Kreftgenomikk.
Patologifaget er i rask utvikling, med aukande bruk av ny teknologi, digitalisering og molekylære analysar. Vi ønskjer derfor engasjerte og nysgjerrige bioingeniørar som vil vere med på denne utviklinga. Hos oss blir du ein del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med stort fokus på kvalitet, pasientsikkerheit og fagleg utvikling, og får gode moglegheiter til å utvikle deg vidare både fagleg og personleg i eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Det er aktuelt å jobbe på fleire seksjonar og oppgaver som utføras på desse er blant anna registrering av vevsprøvar, makrobeskjering av prøvar, assistere legar i makrobeskjering, framføring og støyping av vev, snitting av vevsblokkar og handtering av ulike formar for maskinar.
- Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og vil kunne endre seg over tid
- Bioingeniørane ved avdelinga har blodprøvetaking som ei av arbeidsoppgåvene
- Tilsettinga skjer på avdelingsnivå
Kvalifikasjonar
- Fordel med relevant erfaring
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
- Kandidater med norsk autorisasjon som bioingeniør vil bli føretrekte, men annan relevant utdanning kan vere aktuelt
Personlege eigenskapar
- I jobben er du positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Du viser fagleg tryggleik samt tillit og respekt for kollegaer og pasientar
- Du trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø sammen med dine kollegaer
- Du er punktleg, påliteleg og arbeidsam
- Du er målretta og får oppgåvene gjort
- Du må kunne jobbe godt både sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- I hovudsak dagtidsarbeid, med ein kveldsvakt i veken
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ferdigheter AI-generert
- Biopsi
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Laboratorieutstyr
- Norsk
- Ta blodprøver
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Bioingeniør, Helse, Ingeniør, Biologi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 469438256
- Sist endret


