Fagingeniør Medisinsk mikrobiologi
Helse Fonna HF
- Frist 31.07.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli vår nye fagingeniør?
⭐️ Kva med ein jobb der du får både topp moderne teknologi og med storslagen utsikt over sjø og byliv frå sørvestblokka?
Vi ser etter ein engasjert fagingeniør til fast stilling i dagturnus.
Hos oss vil du jobbe på dagtid, men òg delta i dagturnus med laurdags- og heilagdagsvakter. Desse vaktene fordeler vi jamt mellom bioingeniørane i vaktplanen.
Du blir del av eit dyktig og motivert team med godt arbeidsmiljø og tett samarbeid.
Hos oss er vi opptekne av å ha det kjekt saman – både på jobb og utanfor. Vi møtest jamleg til sosiale aktivitetar, og kvart år samlast vi til julebord.
Skal du flytte for å starte hos oss?
Då gjer vi overgangen enklare:
- Vi dekkjer reise- og flyttekostnader opptil 20 000 kr.
- Vi betaler husleige dei første seks månadane – opptil 60 000 kr.
Er du nyutdanna? Då oppmodar vi deg til å søkje!
👉 Vi kallar inn aktuelle kandidatar til intervju fortløpande – så ikkje vent med å sende søknaden.Kva går jobben ut på?
- Delta i laboratoriets rutinearbeid, inkludert blodprøvetaking
- Delta i laboratoriets kvalitets-og forbedringsarbeid
- Betening og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr
- Utføra arbeid etter gjeldande prosedyrar og retningslinjer, og halda seg oppdatert på endringar
- Utføra delegerte arbeidsoppgåver frå fagansvarleg ingeniør
- Halda seg fagleg oppdatert, delta og bidra på kurs, internundervisning og møte
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Bioingeniør med norsk autorisasjon.
- Kompetanse og erfaring innan medisinsk mikrobiologi er ein fordel
- Kunnskap og erfaring innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Det vil bli lagt stor vekt på personlige eigenskapar og vilje til å ta ansvar.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har motivasjon og engasjement for faget, og trivst med å halde høgt tempo når det trengst
- samarbeider godt med andre, og både tilbyr og tek imot hjelp når det er behov
- er påliteleg, strukturert og møter opp når du skal
- ser kva som må gjerast, og tek tak med nysgjerrigheit og vilje til å finne gode løysingar
- lærer raskt og tilpassar deg nye arbeidsmåtar
- trivst i eit tverrfagleg miljø og handterer krevjande situasjonar med ro
- bidreg til eit godt fagleg og sosialt miljø, der vi støttar kvarandre
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- eit laboratorium og fagområde i utvikling, der du får vere med på å forme framtida
- ein variert og spennande jobb med oppgåver som gir både læring og meistring
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Laboratorieteknikker
- Norsk
- Ta blodprøver
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundsgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Haugesund, Bioingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467084079
- Sist endret

