Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Rådgivar – Forskings- og utviklingsavdelinga / Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF

Helse Bergen HF

  • Søknadsfrist 12.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Rådgivar – Forskings- og utviklingsavdelinga/ Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF

Vil du bidra til å utvikle og styrke arbeidet med medisinske kvalitetsregister? Vi søkjer ein initiativrik rådgivar til ein regional funksjon som skal arbeide på eit overordna nivå med kvalitetsforbetring. Arbeidet skjer i hovudsak i samarbeid med lokale og regionale fagmiljø, men vil òg innebere oppgåver opp mot det nasjonale servicemiljøet (SKDE).

Ved seksjon Forsking og innovasjon (FOI) er det no ledig ei fast 100 % stilling som rådgivar. Stillinga gir høve til å påverke utvikling og bruk av helsedata, og inneber tett kontakt med leiarar, fagpersonar og pasienttryggingsmiljø.

Hovudformålet med kvalitetsregistera er å sikre betre pasientbehandling gjennom forbetringsarbeid. Målet er å minske uønskt variasjon i helsetilbod og behandlingskvalitet. Registera er difor eit viktig verkemiddel for å nå sentrale helsepolitiske mål. Auka bruk av helsedata er òg eit uttalt nasjonalt satsingsområde for å fremje kunnskapsutvikling, forsking og innovasjon.

Med ny nasjonal strategi for registerfeltet skal datakvaliteten styrkjast, og vi skal leggje til rette for at registerdata vert brukt meir aktivt til forbetringsarbeid, styringsinformasjon og forsking. Rådgivaren skal bidra til at vi når målsetjingane på desse områda.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid for auka bruk av kvalitetsregisterdata til kvalitetsforbetring av heilsetenestar, forsking og styring.
  • Bidra i satsingar og strategisk arbeid innan medisinske kvalitetsregister.
  • Samarbeide med nasjonalt og regionale servicemiljø, pasienttryggingseiningar og lokale fagpersonar.
  • Bidra til kompetanseutvikling innan registerarbeid, analyse og kvalitetsforbetringsmetodikk.
  • Bidra til forbetring av datakvalitet og harmonisering av registervariablar.
  • Delta i oppfølginga av initiativ for automatisert datafangst frå journalsystem og etablerte kjelder.
  • Andre oppgåver som ligg til FOI kan vere aktuelt.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, gjerne innan medisin, informasjonsvitskap, samfunnsvitskap, helseadministrasjon/ helseleiing eller tilsvarande.
  • Erfaring med kvalitetsregister, helsedata og kvalitetsforbetring vil telje positivt.
  • God forståing for strategiar og styringsprosessar i offentleg sektor.
  • Kompetanse innan dataanalyse, IKT eller statistikk er ein fordel.
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og prosjektarbeid.

Personlege eigenskapar

  • Strategisk og analytisk med evne til å sjå heilskap og samanhengar.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Initiativrik, løysingsorientert og med høg gjennomføringsevne.
  • Brenn eit engasjement for kvalitetsforbetring og utvikling av helsetenesta.
  • Liker å arbeide i team på tvers av fagområde.

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar og meiningsfulle oppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø.
  • Dyktige kollegaer, god opplæring og tett støtte frå erfarne medarbeidarar.
  • Gode høve for fagleg og personleg utvikling.
  • Annan stillingstittel kan vurderast i særskilde tilfelle.
  • Lønn etter avtale.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Analysere store data i helsevesenet
  • Helsevitenskap

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Lege, Rådgivning, Samfunnsviter
  • Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk

Nøkkelord

Kvalitet, Helsedata, Samarbeid, Strategi, Rådgivning

Helse Bergen HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Reidar Thorstensen
  • Stillingstittel: Ass. seksjonsleiar
  • Mobil: 48 24 52 11
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
  • Flere stillinger fra Haukeland universitetssjukehus

2754 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

    Firmaets beliggenhet

    Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 469426906
    • Sist endret 14.7.2026, 07:23
    Rapporter annonse