Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Spesialrådgjevar / lege - kliniske studiar

Helse Bergen HF

  • Søknadsfrist 12.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Spesialrådgjevar/lege - kliniske studiar

Vil du bidra til at kliniske studiar blir ein naturleg og integrert del av den daglege pasientbehandlinga? Helse Bergen søkjer ein strategisk rådgjevar som skal styrkje sjukehuset si satsing på utprøvande behandling, i tråd med nasjonale målsetjingar og handlingsplanar.

Stillinga er plassert i FoU-avdelinga, under Forsking og innovasjon. Her blir du ein del av eit tverrfagleg kompetansemiljø som yter støtte og rådgjeving til leiinga, forskingsgrupper og enkeltforskarar.

Med utgangspunkt i sjukehuset sitt regionale oppdrag for kliniske studiar, får du ei sjølvstendig nøkkelrolle. Du vil jobbe overordna med å sikre gode rammevilkår for forskinga, byggje kultur, og bidra til at fleire pasientar får tilbod om deltaking i kliniske studiar.

Stillinga er lyst ut som ei 100 % stilling, men det kan vurderast å dele stillinga i to 50 % stillingar for å ha moglegheit til å kombinere med klinisk arbeid.


Arbeidsoppgåver

  • Fungere som medisinsk monitor med medisinskfagleg ansvar for sikkerheitsovervaking i utvalde kliniske studiar. Dette inkluderer løpande risiko-/nyttevurderingar, handtering og styresmaktsrapportering av alvorlege uønskte hendingar (SAE/SUSAR), samt utarbeiding av sikkerheitsrapportar og rådgjeving overfor utprøvarar
  • Initiere tiltak som styrkjer forskings- og innovasjonskulturen, herunder å etablere prosessar for at pasientar systematisk blir vurderte for, og informerte om, deltaking i kliniske studiar
  • Arbeide for å sikre gode rammevilkår og ressursar for studiane, utgreie aktuelle saker til leiinga og følgje opp styringsindikatorar for forskingsaktiviteten
  • Etablere og vidareutvikle strategiske partnarskap med industri og helsenæring, og representere sjukehuset i møte med styresmakter og nasjonale/internasjonale forskingsmiljø
  • Andre oppgåver i Forsking og innovasjon

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, og erfaring med kliniske studiar
  • God forståing for helsesystemet og samspelet mellom klinikk, forsking og administrasjon
  • Erfaring med strategisk arbeid eller forbetringsprosessar er ønskeleg
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Strategisk og analytisk, med god gjennomføringsevne
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert i ein kompleks organisasjon
  • Initiativrik og utviklingsorientert

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å påverke og utvikle rammevilkåra for kliniske studiar
  • Eit sterkt tverrfagleg miljø med høg kompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter avtale

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Helseadministrasjon
  • Klinisk forskning
  • Kliniske studier
  • Risikorapportering

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Lege, Overlege
  • Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk

Nøkkelord

forskning, strategi, samhandling, monitorering, rådgivning

Helse Bergen HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Anne Mathilde Henden Kvamme
  • Stillingstittel: Fagleiar
  • Mobil: 90 65 52 38
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Haukeland universitetssjukehus

2754 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

    Firmaets beliggenhet

    Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 469162732
    • Sist endret 7.7.2026, 12:59
    Rapporter annonse