Ingeniør/Teknolog
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
- Søknadsfrist 18.8.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ingeniør eller teknolog og vil bidra til eit tryggare samfunn?
Vil du vere med på å utvikle framtidas naudkommunikasjon i Noreg?
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer etter ein fagressurs som ynskjer og kombinere teknologi, beredskap og samfunnstryggleik og vere med på å utvikle framtidas naud- og beredskapskommunikasjon og naudmeldingsteneste. Dette er ein spennande moglegheit for deg som ynskjer å jobbe i skjeringspunktet mellom samfunnstryggleik, offentleg forvaltning, teknologi og beredskap.
Vi ser etter deg som er ingeniør eller teknolog, gjerne også nyutdanna eller tidleg i karriera, og som er nysgjerrig på korleis teknologi kan bidra til utvikling av naudmeldingstenesta, naud- og beredskapskommunikasjon og arbeidet med og for dei kommunale og interkommunale 110-sentralane.
Du trives med å arbeide sjølvstendig, samstundes som du byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med andre. Du er oppteken av teknologiutvikling og følgjer med på kva som skjer innan tele-, data- og kommunikasjonsteknologi.
Vi søkjer etter positive kollegaer med engasjement for samfunnstryggleik, og ser etter deg med høgare utdanning, relevant erfaring og som blir motivert av spennande utfordringar.
Arbeidsoppgåver
Du vil få ein variert arbeidskvardag med ansvar for å:
leie og delta i prosjekt-, utgreiings- og utviklingsarbeid knytt til nytt naudnett, naudmeldingstenesta og naud- og beredskapskommunikasjon for brann- og redningsvesen og 110-sentralar
samarbeide med interne og eksterne fagmiljø innan naudkommunikasjon og tverretatleg naudmeldingsteneste
bidra med tekniske vurderingar og rådgiving i beslutningsprosessar knytt til arkitektur, teknologi og løysingar for naudmeldingstenesta
gi råd og rettleiing til kommunale og interkommunale brann- og redningsvesen og 110-sentralar
saksbehandle, samanstille, utarbeide og formidle informasjon til ulike målgrupper
gjennomføre tilsyn med brann- og redningsvesen og 110-sentralar
Du må ha:
relevant mastergrad innan ingeniørfag, teknologi, IKT, telekommunikasjon eller tilsvarande fagområde. Bachelorgrad med relevant arbeidserfaring kan i noko tilfelle kompensere for kravet om mastergrad. Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
god forståing for IT-system som stiller krav til høg tilgjengelegheit, sikkerheit og robustheit
gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
følgjande personlege eigenskapar:
relasjonsbyggjar - du støttar andre, skaper godt samarbeid og byggjer verdifulle nettverk
gode kommunikasjonsevner - du formidlar bodskap klart og presist, lyttar aktivt og evnar å påverke andre
gjennomføringsevne - du set i gang ting, og arbeider planmessig og effektivt for å levere etter plan
analytisk - du forstår raskt komplekse problemstillingar og gjer reflekterte, heilskaplege vurderingar
sjølvstendig - du er sjølvgåande, og tek ansvar for eigne avgjerder og resultat
Vi ynskjer at du har:
grunnleggjande forståing for tele- og datakommunikasjon
relevant arbeidserfaring, gjerne frå offentleg eller kommunal sektor
interesse for/kjennskap til eller erfaring frå området naud- og beredskapskommunikasjon, og/eller erfaring frå eit teknisk miljø
erfaring frå samfunnskritiske område
erfaring frå utgreiingsarbeid, prosjektarbeid og/eller prosjektleiing
interesse for forbetring og effektivisering av arbeidsprosessar
kjennskap til eller erfaring frå brann- og redningsvesen og 110-sentral
førarkort klasse B
Vilkår
Fast stilling som overingeniør (stillingskode 1087) med årsløn frå kr 700 000 til 850 000, senioringeniør (stillingskode 1181) med årsløn frå kr 750 000 til 850 000, eller som sjefsingeniør (stillingskode 1088) med årsløn frå kr 850 000 til 950 000.
I helt ekstraordinære tilfeller kan annen lønnsinnplassering vurderast.
Om avdelinga, seksjonen og stillinga
DSB er nasjonal brannmyndigheit med ansvar for myndigheitsutøving gjennom regelverk og tilsyn. Seksjonen Beredskap og naudmelding (BNM) er ein av to seksjonar i avdeling for Brann- og redning (BRE). Avdelinga består av 29 medarbeidarar med høg kompetanse ved DSB sitt hovudkontor i Tønsberg.
DSB skal vere ei synleg og tydeleg tilsynsmyndigheit som utfører risikobaserte tilsyn. I BNM er vi 15 tilsette med komplementære ferdigheiter innan beredskap og kapasitetar, naudmeldingstenesta med meir. Seksjonen har ansvaret for forvaltning av regelverk som følgjer av brann- og eksplosjonsvernlova, med særleg vekt på forskrift om organisering, bemanning og utrusting av brann- og redningsvesen og naudmeldesentralane (brann- og redningsvesenforskrifta). Seksjonen er i tillegg tilsynsmyndigheit for brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Seksjonen er justissektoren sitt faglege og rådgivande organ innan brannberedskap, kapasitetar, samhandling og tilsyn, og skal vere den viktigaste nasjonale pådrivaren for kontinuerleg utvikling av brann- og redningsvesenet.
Utvikling av naudmeldingstenesta med særleg søkjelys på 110-sentralane er òg ein viktig del av porteføljen til seksjonen. Dei primære målgruppene til seksjonen er dei kommunale brann- og redningsvesena, inkludert 110-sentralane. Det store mangfaldet av oppgåver gjer at vi arbeider både åleine og i team, samtidig som vi i møte med ei rekkje andre myndigheiter representerer brann- og redningsvesena og 110-sentralane.
Hovudoppgåva dei første åra vil vere arbeidet med nytt naudnett for brann- og redningsvesen og 110-sentralane. Nytt Naudnett er Noregs framtidige nasjonale naud- og beredskapssamband. Det skal erstatte dagens TETRA-baserte system. Det nye nettet skal oppgradere beredskapskommunikasjonen frå rein talekommunikasjon til å inkludere avanserte data- og videotenester. Det nye systemet skal byggje på 5G og kommersiell mobilinfrastruktur i staden for eit heilt eige, lukka radionett. Naudetatane vil få moglegheit til å dele sanntidsvideo, bilete og store datamengder, noko som gir langt betre situasjonsforståing under oppdrag. Trass i at det deler master med vanlege mobilnett, vil nettet bli bygd med særskild robustheit og prioritert kapasitet for å sikre at beredskapsaktørane ikkje mistar sambandet under kriser.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsordningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
fleksibel arbeidstid
bedriftshelseteneste
høve til å trene i arbeidstida
tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktpersonar er
Dag Rune Omland, seksjonssjef:
E-post: dag.omland@dsb.no
Telefon: 33 37 33 43
Beate Eikesæth, seniorrådgiver Cruit:
E-post: beate@cruit.no
Telefon: 91 39 59 85
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB og oversikt over ledige stillinger på www.dsb.no/jobb.
Velkomen som søkjar hos oss!
Ferdigheter AI-generert
- 5G
- Datakommunikasjon
- Gjennomføring av studier, undersøkelser og eksamener
- Ingeniørarbeid
- Nødnett
- Telecommunication (IS-T)
- Telefonteknikk
- Telekommunikasjonsteknikk
DSB ser etter en fagressurs som vil vere med på å utvikle framtidas naud- og beredskapskommunikasjon og naudmeldingsteneste. (1/3)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
For mer informasjon om DSB, se www.dsb.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rambergveien 9, 3115 Tønsberg
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Telekommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Brannsikkerhet, Ingeniør, Prosjektledelse
Nøkkelord
nødnett, kommunikasjon, nødmeldetjeneste, samfunnssikkerhet, telekommunikasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 469250656
- Sist endret