Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestfold/Tønsberg
Bilde fra arbeidsgiver

Samfunnsvitar

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

  • Søknadsfrist 18.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Samfunnsvitar til arbeidet med nytt naudnett og framtidas naudmeldingsteneste

Vil du bidra til eit tryggare samfunn?

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer ein engasjert samfunnsvitar som vil vere med på å utvikle framtidas naud- og beredskapskommunikasjon og naudmeldingsteneste. Dette er ein spennande moglegheit for deg som ynskjer å jobbe i skjeringspunktet mellom samfunnstryggleik, offentleg forvaltning, teknologi og beredskap.

Vi søkjer ein ny kollega som vil bidra til utviklinga av naudmeldingstenesta, naud- og beredskapskommunikasjon og arbeidet med og for dei kommunale og interkommunale brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Hos oss får du arbeide med komplekse og samfunnskritiske problemstillingar, tett på avgjerdsprosessar og i samarbeid med sentrale aktørar på tvers av naudetatane.

Dette er stillinga for deg som blir motivert av å forstå samanhengar, finne gode løysingar og skape resultat som har betydning for samfunnet.

Arbeidsoppgåver

Du vil få ein variert arbeidskvardag med ansvar for å:

  • leie og delta i prosjekt-, utgreiings- og utviklingsarbeid knytt til nytt naudnett, naudmeldingstenesta og naud- og beredskapskommunikasjon for brann- og redningsvesen og 110-sentralar

  • gi råd og rettleiing til kommunale og interkommunale brann- og redningsvesen og 110-sentralar

  • samarbeide med interne og eksterne fagmiljø innan tverretatleg naudmeldingsteneste

  • saksbehandle, samanstille, utarbeide og formidle informasjon til målgruppene våre

  • gjennomføre tilsyn med brann- og redningsvesen og 110-sentralar

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant mastergrad, helst innan statsvitskap, samfunnsøkonomi eller andre samfunnsvitskaplege fag. Bachelorgrad med relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om mastergrad. Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

  • god forståing for, og kompetanse om, kommunal og statleg forvaltning

  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk

  • følgande personlege eigenskapar:

  • relasjonsbyggjar - du støttar andre, skaper godt samarbeid og byggjer verdifulle nettverk

  • gode kommunikasjonsevner - du formidlar bodskap klart og presist, lyttar aktivt og evnar å påverke andre

  • gjennomføringsevne - du set i gang arbeid og jobbar planmessig og effektivt for å levere etter plan

  • analytisk - du forstår raskt komplekse problemstillingar og gjer reflekterte og heilskaplege vurderingar

  • sjølvstendig - du tek ansvar for eigne avgjerder og resultat og arbeider godt på eiga hand

Vi ynskjer at du har:

  • erfaring med utgreiingsarbeid, prosjektarbeid eller prosjektleiing

  • interesse for eller erfaring med naud- og beredskapskommunikasjon

  • relevant arbeidserfaring, gjerne frå offentleg eller kommunal sektor

  • erfaring frå samfunnskritiske område

  • kjennskap til brann- og redningsvesen og 110-sentralar

  • interesse for forbetring og effektivisering av arbeidsprosessar

  • førarkort klasse B

Vilkår

Fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434) med årsløn frå kr 680 000 til 780 000, eller som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 780 000 til 880 000. I heilt ekstraordinære tilfelle kan anna lønsplassering vurderast.

Om avdelinga, seksjonen og stillinga

DSB er nasjonal brannstyresmakt med ansvar for myndigheitsutøving gjennom regelverk og tilsyn. Seksjon for beredskap og naudmelding (BNM) er éi av to seksjonar i Avdeling for brann og redning (BRE). Avdelinga består av 29 høgt kompetente medarbeidarar ved DSB sitt hovudkontor i Tønsberg.

DSB skal vere ei synleg og tydeleg tilsynsmyndigheit som gjennomfører risikobaserte tilsyn. I BNM er vi 15 tilsette med utfyllande kompetanse innan beredskap, kapasitetar, naudmeldingstenesta med meir. Seksjonen har ansvaret for forvaltning av regelverk som følgjer av brann- og eksplosjonsvernlova, med særleg vekt på forskrift om organisering, bemanning og utrusting av brann- og redningsvesenet og nødmeldesentralane (brann- og redningsvesenforskrifta).

Seksjonen er òg tilsynsmyndigheit for brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Vidare er seksjonen justissektoren sitt faglege og rådgivande organ innan brannberedskap, kapasitetar, samhandling og tilsyn, og skal vere den viktigaste nasjonale pådrivaren for kontinuerleg utvikling av brann- og redningsvesenet.

Utvikling av naudmeldingstenesta, med særleg søkjelys på 110-sentralane, er òg ein viktig del av seksjonen sin portefølje. Dei primære målgruppene våre er dei kommunale brann- og redningsvesena, inkludert 110-sentralane. Det store mangfaldet av oppgåver gjer at vi arbeider både sjølvstendig og i team, og at vi i møte med ei rekkje andre styresmakter representerer brann- og redningsvesena og 110-sentralane.

Hovudoppgåva dei første åra vil vere arbeidet med nytt naudnett for brann- og redningsvesenet og 110-sentralane. Nytt Naudnett er Noregs framtidige nasjonale naud- og beredskapssamband og skal erstatte dagens TETRA-baserte system. Det nye nettet skal løfte beredskapskommunikasjonen frå rein talekommunikasjon til òg å omfatte avanserte data- og videotenester.

Det nye systemet skal byggjast på 5G og kommersiell mobilinfrastruktur i staden for eit eige, lukka radionett. Naudetatane vil få høve til å dele sanntidsvideo, bilete og store datamengder, noko som vil gi langt betre situasjonsforståing under oppdrag. Sjølv om nettet deler basestasjonar med vanlege mobilnett, skal det byggjast med særskild robustheit og prioritert kapasitet for å sikre at beredskapsaktørane ikkje mistar sambandet under kriser.


Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.


Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsordningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/sikkerhet-i-dsb


Hos oss får du

  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/

  • fleksibel arbeidstid

  • bedriftshelseteneste

  • høve til å trene i arbeidstida

  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg




I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise


Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.

Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/rekrutteringsprosessen


Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktpersonar er

Dag Rune Omland, seksjonssjef:
E-post: dag.omland@dsb.no
Telefon: 33 37 33 43

Beate Eikesæth
, seniorrådgiver Cruit:
E-post: beate@cruit.no
Telefon: 91 39 59 85


Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB og oversikt over ledige stillinger på www.dsb.no/jobb.

Velkomen som søkjar hos oss!



Ferdigheter
AI-generert

  • Brannsikkerhetsforskrifter
  • Brannvern
  • Offentlig forvaltning
  • Samfunnsfag
  • Statsvitenskap
  • Ubegrenset førerkort kategori C

DSB søkjer ein ny kollega som vil bidra til utviklinga av naudmeldingstenesta, naud- og beredskapskommunikasjon (1/3)

  • DSB søkjer ein ny kollega som vil bidra til utviklinga av naudmeldingstenesta, naud- og beredskapskommunikasjon
  • Dette er stillinga for deg som blir motivert av å forstå samanhengar, finne gode løysingar og skape resultat som har betydning for samfunnet.
  • Tilsette ved hovudkontoret vårt i Tønsberg har tilgang til moderne og gode fasilitetar.

Om arbeidsgiveren

For mer informasjon om DSB, se www.dsb.no

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Rambergveien 9, 3115 Tønsberg
  • Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Telekommunikasjon
  • Stillingsfunksjon: Prosjektledelse, Samfunnsviter

Nøkkelord

nødnett, samfunnsviter, nødmeldetjeneste, samfunnssikkerhet, telekommunikasjon

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Dag Rune Omland
  • Stillingstittel: seksjonssjef
  • Mobil: 33 37 33 43
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Beate Eikesæth
  • Stillingstittel: Seniorrådgiver
  • Mobil: 91 39 59 85
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med DIREKTORATET FOR SAMFUNNSSIKKERHET OG BEREDSKAP (DSB)
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra DIREKTORATET FOR SAMFUNNSSIKKERHET OG BEREDSKAP (DSB)

2132 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Rambergveien 9, 3115 Tønsberg

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 469250659
  • Sist endret 17.7.2026, 09:37
Rapporter annonse