Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Ullensvang
Bilde fra arbeidsgiver

Kontorfagleg konsulent / førstekonsulent

Bufetat

  • Søknadsfrist 04.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du vere med og løfte det viktige samfunnsoppdraget til familiekontoret i Odda?

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Bergen og omland familiekontor, avdeling Odda, har vi ledig fast stilling som konsulent/førstekonsulent i 100 % stilling, med oppstart fra 15.11.2026. 

Bergen og omland familiekontor har til saman omlag 40 tilsette med utdanning som familieterapeutar, psykologar/psykologspesialistar, og tilsette med kontorfagleg kompetanse. Familievernet gir tilbod til familiar, par og born som sjølv oppsøkjer tenesta med ulike typar relasjonelle problem. Tenestetilbodet vårt består av familie- og parterapi, gruppeaktivitet, kurs, tilsyn v/samvær og bistand til foreldresamarbeid der foreldre ikkje lenger bur saman. I familievernet utfører vi og ei viktig oppgåve med lovpålagt mekling mellom foreldre, med formål om å hjelpe dei til å finne gode løysingar for born etter samlivsbrot. Familievernet i Noreg er i utvikling, og eit satsingsområde er å auke born si medverknad i eige liv gjennom familievernet sitt tenestetilbod. Den kontorfaglige funksjonen er sentral i kontakt med alle som henvender seg til oss.  

Familiekontoret i Odda er ei av tre avdelingar under Bergen og omland familiekontor, saman med avd. Bergen og avd. Stord. I Odda er det i dag tilsett 1 førstekonsulent og 4 familieterapeutar, der èin også er avdelingsleiar. 

På vårt kontor i Odda vil du bli del av eit sterkt fellesskap der du vil samarbeide nært med terapeutar, samt 3 kontorfaglege ved våre andre avdelingar, og einingsleiar.  

Arbeidsoppgåver

Hos oss vil du få ansvar for:

  • å ta imot daglege henvendelsar frå publikum gjennom telefon og e-post
  • følgje opp henvendelsar gjennom telefon til klientar
  • samarbeide med terapeutar om inntaksarbeid knytt til avtalar
  • vere til diposisjon for våre klientar på venterommet
  • administrere og samarbeide om dagleg flyt i kalender med nye, og allereie oppretta klientavtalar
  • ansvar for at statistikk og data vert utfylt og rapportert vidare i systemet
  • ansvar for kontering og attestering av fakturaer
  • ansvar for dokumentasjon og kassasjon i tråd med gjeldande reglar i arkivlova
  • andre kontorfaglege oppgåver

Kva bakgrunn har du?

Du må ha:

  • Minimum treårig vidaregåande skule, med fortrinn for fagbrev i kontor- og administrasjonsfag eller relevant bachelorutdanning.
  • Meir enn 2 års erfaring frå tilsvarande kontorfagleg arbeid, gjerne frå offentleg verksemd.
  • God systemforståelse.
  • Generelt god IT-kompetanse, særleg i Microsoft 365 og Excel.
  • Beherske norsk flytande som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg. Du må beherska nynorsk skriftleg som arbeidsspråk. 

Det er ønskjeleg at du har erfaring med: 

  • dokumenthandtering
  • internkontroll / avvikskontroll
  • kontering og attestering av fakturaer
  • rapportering av statistikk
  • programvare til klientsystem 
  • kunde- eller brukarkontakt

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • har orden og struktur i arbeidet ditt,
  • har stor arbeidskapasitet,
  • tåler endringar og travle dagar,
  • ynskjer å bidra til andres arbeid, 
  • bidrar positivt inn i arbeidsmiljø,
  • har lett tilgang til latter og godt humør.

Kva får du hos oss?

  • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ som konsulent i stillingskode 1065, lønsspenn kr 540.000 - 600.000 pr. år / førstekonsulent i stillingskode 1408, i lønsspenn kr 560.000 - 640.000 pr.år. 
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
  • Du vil få moglegheit til å trena i arbeidstida med 1 time pr. veke, til tidspunkt tilpassa drifta. 
  • Du får arbeida i eit sterkt og engasjert fagmiljø med dedikerte kollegaer.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda og hjarta uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Bergen og omland familievernkontor, avdeling Odda. 
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde? 

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. 

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Kjennskap til arkivloven
  • Microsoft 365
  • Norsk
  • Nynorsk
  • Regnskapsposter
  • Telefon som arbeidsverktøy

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Almerket 30, 5750 Odda
  • Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Økonomi og regnskap, Resepsjon
Bufetat logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Alice Tunestveit
  • Stillingstittel: Leiar
  • Mobil: 46 61 89 02
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
  • Flere stillinger fra BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

5354 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten) logo

BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Vil du jobbe hos oss?
  • Følg oss på Facebook
  • Følg oss på LinkedIn
Besøk hjemmesiden vår.

Firmaets beliggenhet

Almerket 30, 5750 Odda

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 469157449
  • Sist endret 7.7.2026, 12:05
Rapporter annonse