Vikariat for vernepleiar/pedagog
Suldal Kommune
- Frist 19.7.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Jobb i Suldal kommune.
Det er ledig 80 % vikariat for vernepleiar, pedagog eller tilsvarande med særkontaktansvar for enkeltelev med psykososiale utfordringar på ungdomstrinnet frå og med 17.08. 2026 til og med 31.07.2027, med moglegheiter for forlenging.
Andre med relevant utdanning kan òg søkja.
Sand skule har om lag 285 elevar fordelt på 14 klassar frå 1.-10. trinn.
Visjonen til skulen er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur og trygge elevar som blir rusta for livet.
Skulen er medlem av den ideelle organisasjonen MOT. MOT har program for ungdomsskular og skulen vår har vald å satsa på Robust ungdom og Skulen som samfunnsbyggjar. MOT-satsinga er ein medverknad for å byggja ein varm og trygg skule, til liks med programmet SUPER, eit program frå same organisasjon som rettar seg mot dei yngste på barnetrinnet, som skulen vår er ein del av. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket
Oppdraget er å utvikla robuste barn og unge som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.
Me søkjer etter deg som
er ein trygg og varm vaksenperson med god relasjonskompetanse og som gjerne har interesse for praktiske handverksfag.
er fleskibel, strukturert og sjølvstendig
empatisk, tolmodig og kan stå i krevjande situasjonar over tid
er god til å tilpassa deg arbeidsoppgåver og utfordringar ut frå eleven sitt behov
vil vera ein lagspelar i skule med andre samarbeidsinstansar utanfor skulen
Det er avgjerande at du eignar deg personleg for arbeidet.
Me tilbyr
eit fagleg dyktig og samarbeidsorientert fellesskap
rettleiing
arbeidsåret følgjer skulen si skulerute i eit komprimert arbeidsår
Kraftlaget – kva får du hos oss?
Arbeidsmiljø
Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.
Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.
Fleksibilitet og kvardagsliv
Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.
Utviklingsmoglegheiter
Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.
Bu i Suldal
Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og prøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.
Hjå oss i Suldal kommune får du:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Engasjerte og dyktige kollegaer
Bedriftshelseteneste
Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff
Nynorsk som administrasjonsspråk
Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Ferdigheter
- Nynorsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Suldal kommune Sand skule
Sand skule har omlag 285 elevar fordelt på 14 ordinære klassar frå 1. -10. trinn, i tillegg har me velkomstklassar bygd opp etter fådelt struktur og skulefritidsordning
Sand skule sin visjon er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur, gode relasjonar og trygge elevar som blir rusta for livet.
Sand skule er ein MOT-skule der visjonen er å byggja eit varmare og tryggare samfunn og gje barn og unge MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket. Oppdraget er å utvikla robust ungdom som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rygjatunvegen 2, 4230 Sand
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467964235
- Sist endret

