Rådgjevar bedriftsmarknad
Luster Sparebank
- Frist 16.8.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar bedriftsmarknad
Luster Sparebank er ein sjølvstendig bank der gode kundeopplevingar og lokal verdiskaping står i sentrum. Me har bedriftskundar innanfor fleire ulike bransjar og med tilhaldsstad både i Sogn og i andre delar av landet. No søker me ein engasjert rådgjevar til bedriftsmarknaden som ynskjer å bidra til banken sin vidare vekst, og samstundes kan vere ein god sparringspartnar for nye og eksisterande kundar.
Arbeidsoppgåver
Som bedriftsrådgjevar i Luster Sparebank vil du få ansvar for eiga kundeportefølje og arbeide med:
Rådgjeving og sal av banken sine produkt og tenester til eksisterande og nye kundar
Kredittvurderingar og presentasjon av kredittsaker
Relasjonsbygging og aktivt arbeid mot eksisterande og nye kundar
Samarbeid med andre fagmiljø i banken for å sikre heilskaplege kundeløysingar
Rolla gir ein variert arbeidskvardag og tett kontakt med næringslivet der du blir godt kjend med ulike bransjar og problemstillingar.
Ynskjelege kvalifikasjonar
Me ser etter deg som har:
Relevant høgare utdanning innan økonomi eller liknande
God forretningsforståing
Erfaring frå bank/finans, rekneskap, revisjon eller liknande er ein fordel
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein relasjonsorientert og strukturert person som:
Har sterke analytiske ferdigheiter
Har gode samarbeidsevner og skapar tillit hjå kundar
Er initiativrik og løysingsorientert
Trivst med kundekontakt og nettverksbygging
Me kan tilby
Ei sentral rolle i ein solid og lokal sparebank med sterke ambisjonar
Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og godt samhald
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Konkurransedyktige vilkår, fleksitid og gode velferdsordningar
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo. Banken skal vera ein god og løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisera sine draumar i tråd med visjonen - «Saman når me måla dine!».
- Sektor: Privat
- Sted: Øyagata 2, 6868 Gaupne
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bank, bedriftsrådgivning, næringsliv, bedriftsmarked, rådgiver
Utsikt frå Molden. Luster er utgangspunktet for mange flotte fjellturar. (1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467175582
- Sist endret


