Prosjektleiarar
Linja AS
- Frist 23.8.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli med å utvikle straumnettet for framtida?
Linja byggjer, vedlikeheld og driftar eit straumnett rusta for framtida. Våre dyktige fagfolk løyser utfordringar som gjer regionen meir berekraftig, og gir kraft til nyskaping og utvikling.
Som eitt av dei største nettseselskapa i landet, forsyner vi over 100 000 kundar frå Askvoll i sør til Ålesund i nord med straum. Vi er nær 300 tilsette på fleire lokasjonar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Aktiviteten i nettet aukar, og vi har mange spennande prosjekt og eit omfattande investeringsprogram. Derfor ønskjer vi fleire dyktige prosjektleiarar med på laget.
Hos oss får du ansvar for å drive prosjekt trygt og effektivt frå planlegging til gjennomføring, i tett samarbeid med fagmiljø og samarbeidspartar.
Som prosjektleiar i Linja, vil du:
- Leie større prosjekt på både distribusjonsnett og regionalnett
- Planlegge prosjekt og sikre god gjennomføring frå start til slutt
- Samarbeide tett med og leie dedikerte team
- Bestilling og oppfølging av prosjektaktivitetar
- Ansvar for helse, miljø og sikkerheit i prosjekta
Dine kvalifikasjonar:
- Bachelorgrad eller teknisk fagskule innan elkraft eller fornybar energi
- Erfaring med bygging og drift av kraftnett er ein fordel, men ikkje eit krav
- Kandidatar i sluttfasen av utdanning blir oppmoda til å søke
- Fleksibilitet, initiativ og gode samarbeidsevner er viktige eigenskapar
Vi tilbyr deg:
- Sterkt fagleg fellesskap
- Varierte og utviklande oppgåver
- Konkurransedyktig løn og vilkår
- Gode forsikringar og pensjonsvilkår
- Fleksible ordningar for arbeidstid og høve til heimekontor
Avdelinga sitt ingeniørmiljø er knytt til våre kontor i Dragsund, Florø, Måløy, Nordfjordeid, Sandane, Stranda, Stryn og Ålesund. Vi legg til rette for at du kan ha oppmøteplass på ein av desse lokasjonane.
Samfunnet krev stadig meir av straumnettet. I denne stillinga får du vere med å utvikle og styrke denne kritiske infrastrukturen som er avgjerande for samfunnsutvikling og verdiskaping.
Søknadsfrist: 23. august 2026. Vi vurderer søknader fortløpande, og oppmodar interesserte kandidatar til å søke snarast.
Vil du bli med å utvikle straumnettet for framtida? Vi gler oss til å lese søknaden din! Ta kontakt om du har spørsmål om stillinga.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for mellom anna å verifisere opplysningar i CV og annan dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir utført av Semac etter at kandidaten er orientert om dette og har gitt sitt samtykke.
Ferdigheter
- Elkraftforsyning
- Environment, Health and Safety (EHS)
- Fornybare energiteknologier
- Prosjektering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Linja byggjer, vedlikeheld og driftar eit straumnett rusta for framtida. Våre dyktige fagfolk løyser utfordringar som gjer regionen meir berekraftig, og gir kraft til nyskaping og utvikling.
Som eitt av dei største nettseselskapa i landet, forsyner vi over 100 000 kundar frå Askvoll i sør til Ålesund i nord med straum. Vi er nær 300 tilsette på fleire lokasjonar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Aktiviteten i nettet aukar, og vi har mange spennande prosjekt og eit omfattande investeringsprogram.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
- Flere arbeidssteder: Kyllervegen 6, 6906 Florø, Høgvollvegen 15, 6018 Ålesund, Tinggata 3, 6783 Stryn, Sørstrandvegen 227, 6823 Sandane
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleiing, elkraft, fornybar energi, kraftnett
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468779283
- Sist endret


