Linjelærer Fotografi og kortfilm
Stiftinga Voss Folkehøgskule
- Frist 12.7.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Linjelærer Fotografi og kortfilm – 1 år engasjement
Voss folkehøgskule søkjer etter engasjert og allsidig linjelærar i 50 % stilling til eit årsengasjement, med tiltreding i august 2026, med mogleg forlenging.
Stillingsstorleik kan verte auka basert på din kompetanse og andre sosialpedagogiske oppgåver.
Om skulen
Voss folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule med fokus på fellesskap, personleg utvikling og aktiv læring.
Skulen har eit variert linjetilbod og legg stor vekt på relasjonar, opplevingsbasert undervisning og eit inkluderande skulemiljø.
Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader i ekstremsportbygda Voss.
Arbeidsoppgåver
Undervisning og oppfølging av elevar på linja fotografi og kortfilm
Hovudaktivitetane på linja er produksjon av kortfilm og foto generelt.
Analogfoto og mørkerom
Lyssetjing og kamerateknikk
Idéutvikling og forteljarteknikk
Manusarbeid
Premiere og Photoshop
Andre relevante kompetansar innan faget kan integrerast i undervisninga etter avtale.
Deltaking i skulen sine felles pedagogiske og sosiale oppgåver, mellom anna tilsynsvakter etter avtale.
Noko kvelds- og helgearbeid må reknast med
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning eller fagleg erfaring innan faget
Pedagogisk utdanning eller erfaring med undervisning
Gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar
Personleg eignaheit blir tillagd stor vekt
Vi søkjer deg som
Er engasjert, fleksibel og trygg i vaksenrolla
Trivst med varierte arbeidsdagar og høgt aktivitetsnivå
Bidreg positivt til fellesskap og støttar opp om vårt verdigrunnlag
Vi tilbyr
Eit meiningsfullt arbeid i eit levande skulemiljø
Engasjerte kollegaer og tett samarbeid med andre pedagogar
Løn og vilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
Ferdigheter
- Adobe Photoshop
- Adobe Premiere
- Analog fototeknikk
- Fotografering
- Fotografvirksomhet
- Kamerateknikk
- Lysanlegg
- Mørkeromsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Voss folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule med fokus på fellesskap, personleg utvikling og aktiv læring.
Skulen har eit variert linjetilbod og legg stor vekt på relasjonar, opplevingsbasert undervisning og eit inkluderande skulemiljø.
Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader i ekstremsportbygda Voss.
- Sektor: Privat
- Sted: Eskelandsvegen 28, 5704 Voss
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
fotografi, kortfilm, undervisning, analogfoto
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468139798
- Sist endret

