Produksjonsmedarbeidar
Vossabia AS
- Frist 24.7.2026
- Ansettelsesform Fast
Vossabia søkjar Produksjonsmedarbeidarar
Vossabia leitar etter nye arbeidsbier som brenn for naturen, berekraft og gode kundeopplevingar.
Vil du bli ein del av ei verksemd som brenn for å formidle kunnskap om natur, helse og kretsløp, og som ønskjer å utfordre etablerte tankesett rundt hudpleie og velvære? Dersom dette engasjerer deg, kan Vossabia vere arbeidsplassen du leitar etter.
Kvifor treng me deg?
Vossabia er i sterk vekst og treng fleire dyktige medarbeidarar på laget. Me utviklar og produserer hud- og hårpleieprodukt frå grunnen av, med naturlege råvarer av høg kvalitet.
Likar du å jobbe praktisk, lære nye ting og utvikle deg fagleg og personleg? Då kan du vere den me søkjar.
Me har ledige både heiltids- og deltidsstillingar. Erfaring frå liknande arbeid er ikkje eit krav – me sørgjer for nødvendig opplæring.
Hos oss får du:
· Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø på Bulken
· Engasjerte og inkluderande kollegaer
· Varierte arbeidsoppgåver både inne og ute
· Moglegheit til å utvikle deg i ei verksemd i vekst
· Påverknad på kvalitet, rutinar og vidare utvikling
· Ein aktiv arbeidskvardag med fysisk arbeid
· Moglegheit til å vere med på ei unik reise i ei verdidrive verksemd
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil kunne omfatte:
· Produksjonsarbeid
· Ordrebehandling og logistikk
· Innhausting av urter og råvarer til produksjon
· Andre oppgåver som naturleg høyrer til den daglege drifta
Me ønskjer at du:
· Kjenner deg att i verdiane våre knytte til naturen og heilskapleg helse
· Er sjølvstendig og samstundes samarbeider godt med andre
· Er ansvarsfull, positiv og har stor arbeidslyst
· Trivst med fysisk arbeid og kan handtere tunge løft
· Er fleksibel og løysingsorientert
Høyrest dette spennande ut?
Send oss ein søknad, så møtest me kanskje blant blomstrande enger og summande bier i dei nye lokala våre på Bulken.
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte:
· Hildegunn Hestvik (Leiar Produksjon) – tlf. 911 76 783
· Kjell Morten Brendøy (Dagleg leiar) – tlf. 915 68 975
Legg gjerne att ei melding dersom me ikkje har høve til å svare med ein gong, så tek me kontakt så snart som mogleg.
Søknadsfrist: Fredag 24.juli 2026
Ferdigheter
- Generelt produksjonsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Heilt sidan 2004 har Vossabia nytta gardens naturmangfald til hudpleie, mat og drikkeprodukt – bier, folk og natur i nært samspel. Men også lenge før Renate tok over var heilskap og naturmangfald i høgsetet. Oldefar Brynjulv dreiv som heradsgartnar og bonde, og oldemor Guri nytta urtene i mat, drikke og helse. Vossabia er stolt over å bringe familiegarden vidare med fokus på mat, helse og naturbruk.
Heilskap, helse og natur altså! Det er ikkje berre det me et som påverkar helsa, men og det me tek på hud og i hår, då det meste går rett i blodstraum og såleis påverkar heile oss. SÅ; Vossabia vil ”mate” huden, håret og dermed kroppen vår med KUN sunne, helserike naturlege næringsstoff. Mat utanfrå-inn. Slik kjem den raske effekten på alt frå kviser og sår, til psoriasis og eksem, eller utslett og kløe, vondt og verk og mykje anna for å dekke familiens behov på heilt naturleg vis.
Me driv økologisk, og tek nøye vare på naturmangfaldet over og under jorda, og er superstolte over alle ville vekstar som sprett opp på garden kvart år. Over 160 arter er registrert på våre gamle slåtteenger, som blir til mat og medisin for insekt, for kalvar og kviger, og me bruker det til mat, drikke, hud- og hårpleie. Herleg multibruk av naturengene, synest me! Og biene våre pollinerer og produserer bivoks og honning. Me sikrar oss slik også at vår produksjon ikkje berre tek vare på helse og natur, men og miljø og etiske problemstillingar me bryr oss om.
Alt er nøye gjennomtenkt og utvikla med kunnskap og kompetanse om helse og natur, høg kvalitet i alle ledd, skånsamt handlaga, med råvarer frå garden, ville vekster frå Hardangervidda og elles frå anna økologisk landbruk. Me håpar du kjenner forskjellen dette utgjer!
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 3
- Sted: Vætesvegen 92, 5708 Voss
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Industri og produksjon, Jordbruk og skogbruk, Velvære
- Stillingsfunksjon: Produksjon
Nøkkelord
produksjonsarbeid, ordrebehandling, bærekraft, helse, praktisk arbeid
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467288505
- Sist endret

