Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Systemutvikler

Helse Vest IKT

  • Frist 5.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Systemutvikler

Helse Vest IKT utviklar mange spennande løysingar for helsepersonell og pasientar ved sjukehusa på Vestlandet. Vi er stolte av å levere 100% samfunnsnyttige system med god kvalitet. Vi deltek i mange og varierte utviklingsaktivitetar, frå innovasjonsprosjekt til større løysingar for å automatisere og effektivisere i sjukehusa. I tillegg til utvikling av ei rekke webløysingar og integrasjonar, er vi involvert i prosjekt knytt til bruk av VR, IoT og maskinlæring/KI i sjukehusa. Vi tek i bruk nyaste teknologi der vi kan, og meiner at trivsel og kontinuerleg kompetanseutvikling er ein føresetnad for å drive god utvikling.
Avdelinga består av omlag 60 høgt kvalifiserte systemutviklarar, arkitektar og UX-designarar fordelt på ti team. Vi utgjer eit sterkt og kompetent miljø som er opptekne av å utvikle løysingar for framtidas helsetenester.

Arbeidsoppgåver

Utvikling i vår utviklingsplattform som består av Microsoft.NET (C#, ASP.NET, Enity Framework, MVC, SQL) og Angular (TypeScript, JavaScript, CSS). Vi køyrer på ein hybrid plattform med tenester både i Azure og on premise.

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant utdanning frå høgskule/universitet (særs relevant erfaring kan i nokon høve erstatte formell kompetanse).
  • Du har erfaring med utvikling (frontend, backend eller fullstack).
  • Det er ein fordel om du har kjennskap til og interesse for programvarearkitektur og datamodellering
  • Dersom du har kjennskap til eller interesse for skyteknologi er det også eit pluss.
  • På same måte som oss har du forståing for at tryggleik, nettverk og infrastruktur er essensielt for eit trygt helsevesen.
  • Dersom du er ein pådrivar for smidig metodikk tel det positivt.
  • Hos oss går utviklinga føre i tett dialog med våre brukarar. Det er difor viktig med både gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk.

Personlege eigenskapar

  • Du er oppteken av samhald og erkjenner at ein oppnår meir ved godt teamarbeid enn som enkeltindivid.
  • Som alle gode utviklarar har du gode logiske og analytiske evner, er løysingsorientert og jobbar strukturert.
  • Du liker å halde deg oppdatert på trendar, utviklingsmetodar og verktøy for moderne systemutvikling og synast fagleg påfyll er givande.
  • Du har eit ønske om å levere det brukarane treng, samtidig som du har fokus på at kvalitet vanlegvis varar lengst.
  • Du likar å jobbe sjølvstendig, men sett pris på å vere del av eit team.

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:

  • Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
  • Engasjerte kollegaer
  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • .NET Framework
  • Angular
  • ASP.NET
  • C# (Programmeringsspråk)
  • JavaScript
  • Model-view-controller (MVC)
  • SQL
  • TypeScript

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.


Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.


Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.


Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg, IT, IT - programvare
  • Stillingsfunksjon: Backend-utvikler, Full stack utvikler, Utvikler (generell)
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Systemutvikler, .Net, Fullstack, Angular, Programmering

Helse Vest IKT logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Merethe Heggset
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 93 00 71 87
Send SMS
  • Bli kjent med Helse Vest IKT AS
  • Flere stillinger fra Helse Vest IKT AS

1001 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Helse Vest IKT AS logo

Helse Vest IKT AS

Det kan hende du er livsviktig
  • LinkedInFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • FacebookFirkant med pil som peker oppover mot høyre
Søk jobb hos oss

Firmaets beliggenhet

Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 467482180
  • Sist endret 24.6.2026, 10:05
Rapporter annonse