Produksjonsarbeidar
Førde Sementvare AS
- Frist 7.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å bygge framtidas løysingar i betong?
Førde Sementvare AS produserer betongelement til bygg- og anleggsbransjen over heile landet. Ein av fabrikkane våre ligg i Loen, i hjartet av Nordfjord, der vi leverer solide konstruksjonar som varer i generasjonar – og som vi er stolte av.
No søkjer vi fleire dyktige produksjonsarbeidarar som vil vere med å bygge kvalitet – frå botnen av.
Kva går jobben ut på?
Produksjon av betongelement med fokus på kvalitet i alle ledd
Konkrete oppgåver som forskaling, armering og jernbinding, støyping og kvalitetskontroll
Sikre effektiv og trygg produksjon
Aktivt bidra til orden, kvalitet og god HMS i kvardagen
Kven ser vi etter?
Du som likar betongfaget. Fagbrev er positivt, men ikkje eit krav
Erfaring med jernbinding, forskaling eller liknande arbeid er ein fordel – men ikkje eit krav
Du har praktisk sans, stå-på-vilje og likar fysisk arbeid!
Du tek ansvar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Du må kunne kommunisere godt på norsk
Kva får du hjå oss?
Eit fagleg sterkt miljø innan betongkonstruksjonar
Trygg arbeidsplass i ei framtidsretta bedrift
Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
Konkurransedyktig lønn, samt gode pensjons- og forsikringsordningar
Jobbe med betong og produksjon i varmen – sjølv på kalde dagar!
Arbeidsstad i Loen – i verdas finaste omgjevnad
Interessant?Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat!
📧 karin@fsement.no
📞 938 56 025
Søk gjerne i dag – vi vurdera kandidatar fortløpande.
Ferdigheter
- Formstøping
- HMS-system (HMS: helse, miljø, sikkerhet)
- Kvalitetskontroll
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Førde Sementvare AS produserer betongelement til bygg- og anleggsbransjen over heile landet.
Ein av fabrikkane våre ligg i Loen, i hjartet av Nordfjord, der vi leverer solide konstruksjonar som varer i generasjonar – og som vi er stolte av.
- Sektor: Privat
- Sted: Lovikvegen 60, 6789 Loen
- Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
betong, produksjonsarbeid, betongelement, forskaling
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463741225
- Sist endret



