Montør
Førde Sementvare AS
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Montør – vil du vere med på laget vårt?
Er du ein som likar å ta i eit tak, trivs best ute og synest det er greitt å vere litt på farten? Då kan dette vere noko for deg!
Vi i Førde Sementvare søkjer fleire montørar til elementavdelinga vår. Her får du vere med å setje saman bygg frå start til slutt – og sjå konkrete resultat av jobben du gjer.
Du treng ikkje kunne alt frå før – har du lyst å arbeide og er motivert, sørgjer vi for nødvendig opplæring.
Kva går jobben ut på?
Montering av betongelement ute på byggeplass
Variert arbeid med alt frå tilpassing til ferdigstilling
Samarbeid med andre fagfolk ute i prosjekt
Bidra til god framdrift og kvalitet i arbeidet
Sikre god kommunikasjon og HMS på byggeplass
Kven ser vi etter?
Du likar fysisk arbeid og å vere ute
Du har erfaring med praktisk arbeid
Du er fleksibel og kan reise i periodar
Du er påliteleg og samarbeidsvillig
Har du fagbrev eller erfaring er det topp – men ikkje eit krav.
Førarkort klasse B er nødvendig.
Du kan godt norsk, både skriftleg og munnleg
Kva får du hos oss?
Ein variert og aktiv arbeidsdag
Eit godt og uformelt arbeidsmiljø
Moglegheit til å sjå meir av landet gjennom jobben
Opplæring og utvikling undervegs
Moglegheit for å ta kurs og fagbrev i bygg- og montasjefaget
Kjenner du deg igjen? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat!
📞 Erik Solheim – 917 39 262 📧 erik@fsement.no
Søk gjerne i dag – vi vurderar kandidatar fortløpande.
Siste frist for søknad: 31.05.26.
Ferdigheter
- Montasje av betongelementer
- Motivasjon
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Førde Sementvare AS er ei lokal og solid industriverksemd med lange tradisjonar innan produksjon av betong. Vi leverer kvalitetsprodukt til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør i regionen. Vi har omlag 75 ansatte.
Gjennom høg fagkompetanse, moderne produksjon og sterk lokal forankring bidreg vi til utvikling og verdiskaping i Sunnfjord og på Vestlandet.
Vi er eit konsern med ambisjonar for vidare vekst og utvikling, og legg stor vekt på kvalitet, berekraft og langsiktig forretningsdrift. Hjå oss jobbar engasjerte medarbeidarar som er stolte av faget sitt og av verksemda dei er ein del av.
- Sektor: Privat
- Sted: 6813 Førde
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Andre montører
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
montør, betongelement, montering, byggeplass
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462628923
- Sist endret
