Driftsleiar Nordfjord
Eide Fjordbruk
- Frist 2026-06-07
- Ansettelsesform Fast
Driftsleiar Nordfjord
Eide er eit familieeigd selskap og ein av pionerane i havbruksnæringa. Vi har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. Visjonen vår handlar om å vere eit førebilete, slik at vi kan produsera mat i sjøen på ein berekraftig måte. Vi produserer årleg om lag 20 000 tonn høgkvalitets laks og aure, og verksemda dekkjer heile verdikjeda frå rogn til sluttkunde– frå settefisk og matfiskproduksjon til slakteri, vidareforedling, teknologiutvikling, produktdesign og eiga restaurantdrift.
Om stillinga:
Som driftsleiar vil du vere ein sentral del av den daglege drifta på våre lokalitetar. Du får ein variert arbeidskvardag med både ansvar og moglegheit for utvikling.
Vi søkjer ein strukturert og handlekraftig driftsleiar som vil få ei sentral rolle i å sikre stabil, trygg og lønnsam drift på våre sjølokalitetar. Som driftsleiar drift får du ansvar for operasjonar, teknisk drift, bemanning og vedlikehald frå utsett til slakt – og blir ein viktig del av laget som skal sikre god fiskevelferd, høg teknisk standard og effektiv produksjon.
Eksempel på arbeidsoppgaver:
- Planlegging, koordinering og gjennomføring av operasjonar
- Sikre effektiv gjennomføring og stabil produksjon
- Koordinere bruk av båtar og operative ressursar i samarbeid med operasjonsplanleggar
- Følgje opp vedlikehaldsplanar, rutinar og sjekklister
- Sørgje for at anlegga held forventa standard
- Leggje til rette for effektiv ressursbruk og god samhandling
- Personalansvar for driftsoperatørar
- Sikre høg standard og etterleving av selskapets retningslinjer
Kven er du?
For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Vi ønskjer å ha deg med på laget som er samarbeidsvillig, bevisst i eigne handlingar og som tek ansvar både for menneska rundt deg og arbeidet du utfører. Du trivst med å jobbe i team, deler kunnskap, er nysgjerrig, lærevillig og bidreg positivt til kulturen.
Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer:
Uredd. Vi tør å satse på visjonar og på folk.
Samarbeidande. Vi byggjer saman, deler kunnskap og løftar kvarandre.
Nytenkjande. Vi utfordrar etablerte sanningar og gjer ting på nye måtar.
Bevisst. Vi tek ansvar for fisk, folk, fjord og framtid.
Fisk. Folk. Fjord. Framtid. — det er kompasset vårt.
Vi ser etter deg som:
- Har erfaring frå operativ drift innan havbruk eller maritim verksemd
- Har teknisk forståing og erfaring med drift og vedlikehald
- Er strukturert, løysingsorientert og trygg i leiarrolla
- Har gode samarbeidsevner
- Er opptatt av HMS, fiskevelferd og kvalitet
- Har evne til å planleggje, prioritere og gjennomføre i ein hektisk kvardag
Kvifor bli ein del av teamet?
Vi tør å satse- både på visjonar og på folk. Vi har eit motto: det viktigaste er å ha det gøy. Eit godt arbeidsmiljø er fundamentet for alt vi får til saman.
Den som intet våger, intet vinner. Vi ser etter folk som tør å prøve, som tek læring med vidare, og som har lyst til å vere med å forme havbruket for framtida.
Vi er eit familieeigd selskap som tenkjer i generasjonar- ikkje i kvartal. Du kjem inn i ei verksemd i sterk utvikling, og du får utvikle deg saman med oss.
Søknadsinformasjon
Vi ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, CV og relevante dokument via søknadsportalen.
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med Erik Sørheim erik.sorheim@efb.no / 91 30 73 72
FerdigheterAI-generert
- Båt
- Drifte vedlikeholdssystemer
- Environment, Health and Safety (EHS)
- Fiskeoppdrett
- Fiskevelferdsforskrifter
- Kontroll av maskiner og utstyr
- Kvalitetskontroll
- Planlagt vedlikehold
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Sektor: Privat
- Sted: 6770 Nordfjordeid
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463239935
- Sist endret




