Watermoon operatør i turnus
Eide Fjordbruk
- Frist 2026-05-24
- Ansettelsesform Fast
Watermoon operatør i turnus
Watermoon er Eide Family si lukka oppdrettsteknologi i sjø, utvikla for å gi laksen eit kontrollert og beskytta miljø- og for å redusere miljøpåverknaden samanlikna med tradisjonelle opne merdar. Systemet beskyttar fisken mot eksterne påverknader som lakselus, og inkluderer kontroll av vannkvalitet og oppsamling av slam. Watermoon er utvikla og pilotert i samarbeid med Havforskingsinstituttet, Veterinærinstituttet og Mattilsynet. Ein vidareutvikla versjon, Watermoon 2.0, er under produksjon.
Eide Family er eit familieeigd havbrukskonsern på Vestlandet med lange tradisjonar og høge ambisjonar for framtida. Vi byggjer eit miljø der biologi, teknologi og marknad sit saman- med Salmon Eye som arena og symbol. Watermoon er flaggskipet vårt, og vi inviterer deg med på å forme korleis havbruk skal sjå ut for komande generasjonar.
Om rolla
Som driftsoperatør på Watermoon vil du ha ei sentral rolle i å setje standarden for framtidas havbruk. Saman med resten av teamet skal du sørge for at vi produserer fisk av beste kvalitet, og bidreg til at Eide kan halde fram med å byggje framtidas havbruk på Vestlandet.
I rolla har du ansvar for prosessovervaking og styring av Watermoon-anlegget. Stillinga inneber ansvar for at anlegget vert drifta optimalt, sikkert, stabilt og i samsvar med verksemda sine krav, prosedyrar og gjeldande regelverk.
Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Overvake og styre prosessanlegg og kontrollrom.
- Sikre stabil drift og følgje opp driftsdata og avvik.
- Test og drift av teknologi i tråd med etablerte prosedyrar.
- Bidra til utvikling av arbeidsmetodikk, prosedyrar og beste praksis.
- Vere ressursperson i oppskalering av teknologien.
- Samhandle med teknisk miljø og prosjektorganisasjon.
- Fange opp læring og forbetring til vidare utvikling av Watermoon som produksjonsteknologi.
Watermoon enhetene våre er lokalisert i Hardangefjorden og stillinga er organisert i turnus. Der du jobbar og bur på flåten i 7 dagar med påfølgende 14 dager fri.
Kven er du?
For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Vi ønskjer å ha deg med på laget som er samarbeidsvillig, bevisst i eigne handlingar og som tek ansvar både for menneska rundt deg og arbeidet du utfører. Du trivst med å jobbe i team, deler kunnskap, er nysgjerrig, lærevillig og bidreg positivt til kulturen.
Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer:
Uredd. Vi tør å satse på visjonar og på folk.
Samarbeidande. Vi byggjer saman, deler kunnskap og løftar kvarandre.
Nytenkjande. Vi utfordrar etablerte sanningar og gjer ting på nye måtar.
Bevisst. Vi tek ansvar for fisk, folk, fjord og framtid.
Fisk. Folk. Fjord. Framtid. — det er kompasset vårt.
Vi ser etter deg som har:
- God forståing av prosessystem og styring.
- God teknisk forståing for mekaniske, elektriske og/eller automatiserte system.
- Relevant fagbrev og/eller høgare utdanning.
- Kjennskap til relevante regelverk og HMS-krav.
- Strukturert og løysingsorientert arbeidsform.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar i operative situasjonar.
- Gode samarbeidsevner og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvifor bli ein del av teamet?
Vi tør å satse- både på visjonar og på folk. Vi har eit motto: det viktigaste er å ha det gøy. Eit godt arbeidsmiljø er fundamentet for alt vi får til saman.
Den som intet våger, intet vinner. Vi ser etter folk som tør å prøve, som tek læring med vidare, og som har lyst til å vere med å forme korleis Watermoon skal driftast i kommersiell skala.
Vi er eit familieeigd selskap som tenkjer i generasjonar- ikkje i kvartal. Du kjem inn i ei verksemd i sterk utvikling, og du får utvikle deg saman med oss.
Søknadsinformasjon
Vi ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, CV og relevante dokument via søknadsportalen.
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med ansvarlig for rekruttering: Mari Lundal: mari.lundal@efb.no / 40628743
Vi gler oss til å høyre frå deg.
FerdigheterAI-generert
- Betjene kontrollsystemer
- Elektroniske systemer
- Ferdigheter innen mekanikk
- Prosesskontrollsystem
- Prosessovervåking
- Systemtest
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 6
- Sted: 5632 Omastrand
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Industri og produksjon, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Produksjonsteknikk/Prosessteknikk
Nøkkelord
Prosessoperatør, Havbruk, Biologi, Berekraft, Teknologi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462752271
- Sist endret
