Teknikar settefiskanlegg
Osland Settefisk AS
- Frist 12.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Arbeide med topp moderne teknisk utstyr omgitt av Noregs vakraste natur?
I Høyanger kommune på sørsida av Sognefjorden finn du den vakre bygda Bjordal.
I Bjordal er Osland-konsernet ei hjørnesteinsbedrift.
Omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for jakt og fiske finn du ei topp moderne og lokaleigd bedrift, Osland Settfisk.
Som teknikar er du med i gjengen (med fagbrev innan biologi, elektro, automatikk) som driftar dette og følgjer opp utstyr som gjer at vi får fisken fra rogn til stor-smolt.
Spennande arbeidskvardag med moderne teknologi og nye anlegg.
Du jobbar med både teknisk vedlikehald og nye prosjekt i eit høgteknologisk og målretta utviklingsarbeid for å sikre eit minimalt fotavtrykk.
Den lange erfaringa vår, kompetanse, handtering og fasilitetar sikrer at rogna som vert levert er den beste i rasen.
Utviklinga av teknologien vår er ein kontinuerleg innsats, driven av ambisjonen om å setje standarden for kvalitet i bransjen.
Arbeidsoppgåvene vil vere
Drift og oppfølgjing av RAS anlegg
Dagleg vedlikehald/reinhald av utstyr
Teknisk tilsyn
Journalføring og rapportering
Delta i utbyggingsprosjekt
Vår nye teknikar må ha fagbrev innan relevante fag (elektro/automasjon/mekanisk/røyrleggjar) og ha god teknisk og gjerne biologisk forståing.
Søkjarar med erfaring frå andre bransjar enn vår vert oppmoda om å søkje.
Det er nødvendig med forståing for prosess (sensorar, elektriske motorar/pumper).
Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team og beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg.
Vi har ikkje turnusordning og ønskjer busetjing i eller nær Bjordal evt. vekependling.
Osland Settefisk tilbyr
Ein interessant jobb og godt arbeidsmiljø
Moderne anlegg og utstyr
Utfordrande arbeidsoppgåver
Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje
Gode faglige utviklingsmuligheter
Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
Ein jobb der du slepp å tenke på sal, kundar og fakturering
Gode livsvilkår for barn og voksne med barnehage, skole, gode tilbud på fritidsaktiviteter/idrettslag og ei bygd med eit godt bomiljø. Arbeidsgjevar vil kunne vere behjelpeleg med å skaffe eigna bustad
Ferdigheter
- Automasjon fra industri
- Bilmekanikk
- Biologi
- Drift av tekniske anlegg
- Elektrisitet
- Elektriske motorer
- Mekanisk montering
- Rørlegger- og ventilasjonsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Osland Settefisk AS er eit dotter-selskap i konsernet Osland AS.
Produksjonen vår er på nye og moderne settefiskanlegg (RAS) på Sørebø i Høyanger kommune.
Vi har konsesjon på 5 mill. smolt og er i dag 16 tilsette.
- Sektor: Privat
- Sted: Sørebøvegen 447, 5962 Bjordal
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Fiskeri og oppdrett, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Mekaniker, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
teknisk utstyr, elektro, automasjon, mekaniker, rørlegger
Foring (1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461522168
- Sist endret



