BPA assistent (80)
Prima Assistanse avdeling Vestland
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vil du halda ølen min i sommar?
Eg er ein kjekk kar i byrjinga av 30-årasom som treng nye BPA-assistentar til å jobba i sommar. Dette er ein jobb for deg som har godt humør, pågangsmot og ikkje redd for å bli skitten på hendene. Eg har fleire ledige stillingar i sommar, og det kan bli mogleg for fast tilsetting på sikt.
Eg er interessert i landbruk, politikk, fest og eg har eit spesielt forhold til god whisky. Grunnen til at eg treng assistanse er at eg har ein progressiv sjukdom som gjer at eg sit i rullestol, har problem med å styre armer og bein, og store utfordringar med tale og syn.
Jobben er så variert at det er vanskeleg å skildre, men den går i hovudsak ut på å vera mine armar og bein og auge. Eg treng hjelp til alt av kvardagslege gjeremål som til dømes personleg hygiene, mat, husstell og liknande. I tillegg liker eg reising, konserter og alt som gjev adrenalin. Arbeidstida er morgon eller kveldsvakt, altså 08:00-15:30 og 16:30-00:00.
Oppstart vil vere i veke 25, med moglegheit for å starte opplæring før dette om ønskjeleg. Eg treng sommarvikarar fram til slutten av juli (veke 31).
Kven vil trivast hos meg:
- Du er løsningsorientert og likar folk
- Du må ha ein god dose humor og tålar ein spøk
- Eg er spontan og ynskjer at du deler denna eigenskapen
Søknadskriteria:
- Du må vere påliteleg, samt ha godt humør og vere positiv
- Du kan ikkje ha rulleblad
- Du må ha førerkort klasse B.
Eg tilbyr:
- Gode arbeids- og lønsbetingelsar gjennom tariffavtale
- Grundig opplæring og tett oppfølgjing av lokalkontor
- Ein sjølvstendig jobb med varierte arbeidsoppgåver
Det er viktig for meg at du skal ha eit godt arbeidsmiljø.
FerdigheterAI-generert
- Husholdning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Prima Assistanse har spesialisert seg på BPA, og er i dag en betydelig leverandør i hele Norge. Vi jobber hver dag for å bidra til at funksjonshemmede får den friheten og assistansen som er nødvendig for å kunne leve et selvstendig liv. Vi er opptatt av å levere et godt konsept, kvalitet i alle ledd, å ha profesjonelle medarbeidere og gode rutiner, slik at vi sammen bidrar til en suksessfull hverdag.
Nysgjerring på hvordan det er å jobbe hos oss? Les mer på vår karriereside: https://prima-assistanse.no/karriere/jobbe-som-bpa-assistent/
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: 5600 Norheimsund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Annet, Brukerstyrt personlig assistent (BPA), Helsepersonell
Nøkkelord
Service, BPA, Prima Assistanse
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459318462
- Sist endret
