Lokalitetsleiar og Driftsteknikarar til turnusordning
Tombre-gruppa
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Lokalitetsleiarar og Driftsteknikarar søkes til turnusordning på våre lokalitetar på Fedje
Vil du jobbe i havbruk med ein føreseieleg turnus og ein variert arbeidskvardag tett på produksjonen?
Vi søker tilsette til skiftordning ved våre lokalitetar på Fedje (Moldøyosen og Grisholmsundet), og søkjer både lokalitetsleiarar og driftsteknikarar til fast turnus.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt og effektivt team med ein arbeidskvardag tett på det som skjer i produksjonen.
Om stillinga
Som lokalitetsleiar vil du få ansvar for planlegging, prioritering og leiing av drifta i din arbeidsperiode. Rolla inneber også overordna ansvar for lokaliteten, inkludert planlegging, rapportering og oppfølging av drift, resultat og HMS. Rolla vil samarbeide tett med produksjonsorganisasjonen i konsernet.
Som driftsteknikar vil du vere ein sentral bidragsytar i den daglege drifta og samarbeide tett med lokalitetsleiar.
I periodar utan fisk på lokaliteten må det påreknast å bidra ved andre lokalitetar i konsernet.
Arbeidsoppgåver ellers
Dagleg drift og oppfølging av lokalitet
Fôring og overvaking av fisk
Sikre god fiskevelferd og produksjonskvalitet
Registrering og oppfølging av produksjonsdata
Vedlikehald av utstyr og anlegg
Delta i operasjoner som f.eks. smoltutsett, notskift, levering og behandling av fisk
Aktiv deltaking i selskapets interkontroll og HMS-arbeid
Kvalifikasjonar
Erfaring frå havbruk - Fagbrev i akvakultur er ein fordel
For lokleiar: erfaring frå leiande rolle er ein fordel, men ikkje eit krav - Vi oppmodar også kandidatar som ønskjer å ta neste steg til å søkje
D6-sertifikat er ønskjeleg
Relevante kurs innan sikkerheit og beredskap er positivt
Personlege eigenskapar
Sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert
Samarbeider godt med andre
Praktisk anlagt og løysingsorientert
Trivst med ein kvardag der oppgåver og tempo varierer
Me tilbyr
Føreseieleg turnus
Ei rolle med reelt ansvar og påverknad i drifta
Bustad i arbeidsperioden
Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Konkurransedyktige vilkår
Me tilsetter fortløpande. Søknadsfrist seinast 10. mai.
Ta kontakt ved spørsmål.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Tombre er eit framtidsretta havbrukskonsern med hovudkontor i Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune, om lag éin times køyretur frå Bergen sentrum. Me driv oppdrett av laks og aure på Vestlandet, frå Høyanger i nord til Karmøy i sør, med sterkt fokus på økologisk og berekraftig produksjon.
Konsernet har i dag 9,5 matfiskkonsesjonar og 2 setjefiskkonsesjonar. Årleg blir det produsert om lag 14 000 tonn laks og aure. Produksjonen i sjø er fordelt på 14 lokalitetar i Vestland fylke.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 4
- Sted: Leiro 33, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Annet, Ledelse, Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
havbruk, akvakultur, lokalitetsleiar, driftsteknikar, turnus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461177436
- Sist endret


