Vil du leie arbeidet med å byggje ei ny barnevernsteneste i Sogn?
Sogndal kommune Sogn barnevern
- Frist 19.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie arbeidet med å byggje ei ny barnevernsteneste i Sogn?
Kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal har vedteke å etablere ei ny felles barnevernsteneste frå 1. januar 2027. No søkjer me ein leiar som både skal vere prosjektleiar i etableringsfasen og gå inn som barnevernsleiar når tenesta er på plass.
I startfasen leier du prosjektet med å etablere den interkommunale tenesta. Når tenesta er i drift, får du det overordna faglege, administrative og personalmessige ansvaret som barnevernsleiar.
Dette er ei rolle for deg som har erfaring med omstillingsprosessar, arbeider godt med folk og som evnar å sjå både heilskap og detaljar.
Du får vere med å etablere ei teneste frå starten av i tett samarbeid med kommunane og fagmiljøa rundt barn, unge og familiar.
Målet er å byggje ei teneste som gir høg fagleg kvalitet, sterkare kompetansemiljø og likeverdige tilbod til barn og familiar i heile regionen.
Kvifor treng me deg?
Den nye barnevernstenesta skal nytte kompetanse frå seks kommunar. Saman skal me utvikle ei teneste som:
- styrkjer fagmiljøet
- sikrar gode og likeverdige tenester til barn og familiar
- legg til rette for samhandling på tvers av tenester
- gjer tenesta driftssikker og berekraftig over tid
Dette arbeidet krev ein leiar som både har kunnskap om omstillingsprosessar, kan bygge struktur og samle folk rundt eit felles oppdrag.
Dette kjem du til å arbeide med
Som barnevernsleiar vil du ha det overordna faglege, administrative og personalmessige ansvaret for tenesta.
I etableringsfasen vil du også leie prosjektet med å byggje opp den nye tenesta.
Arbeidet vil mellom anna handle om å:
- leie etableringa av den interkommunale barnevernstenesta
- utvikle organisasjon, struktur og arbeidsformer
- sikre fagleg kvalitet og forsvarleg praksis
- leggje til rette for fagleg utvikling og læring i tenesta
- ha ansvar for økonomi, ressursplanlegging og prioriteringar
- samarbeide tett med leiing og andre tenester i kommunane ( m.a skular, barnehagar, helsestasjon, PPT og Nav)
- bidra til godt tverrfagleg samarbeid kring barn og unge
Kva ser me etter hos deg?
Du har solid fagleg forståing for barnevernsarbeid og erfaring frå kommunal teneste. Samstundes har du motivasjon for å utvikle tenester og byggje gode fagmiljø.
Kvalifikasjonar
- utdanning i tråd med barnevernslova § 156
- relevant sosialfagleg bakgrunn
- leiarerfaring eller leiarutdanning
- erfaring frå kommunal barnevernsteneste
- god kjennskap til barnevernslova og relevant regelverk
Det er ein fordel om du også har
- digital kompetanse og interesse for utvikling
- erfaring med rettleiing
- gode munnlege og skriftlege ferdigheiter
- førarkort klasse B
Kva er viktig i denne rolla?
Me trur du vil trivast og lykkast i rolla dersom du:
- evnar å samle folk rundt eit felles oppdrag
- arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne
- Ser heilskap og samanhengen mellom ulike tenester for barn og unge
- bygger gode relasjonar og samarbeid på tvers av fagmiljø
- reflekterer over eigen praksis og utviklar deg som leiar
Dette er ei rolle der du må kunne skape retning og prioritere i ein samansett kvardag, samstundes som du tek vare på relasjonane rundt deg.
Litt om samarbeidet
Den nye barnevernstenesta blir eit samarbeid mellom kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Saman skal me byggje eit sterkare fagmiljø og ei stabil teneste for barn, unge og familiar i regionen.
Praktisk informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket i kommunane er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.
FerdigheterAI-generert
- Effektiv ressursbruk
- Ledelse av administrative aktiviteter
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Sted: Dalavegen 2, 6856 Sogndal
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse
Nøkkelord
leder, barnevern, leiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 458131165
- Sist endret


