Lysteknikar
Ll Det Norske Teatret
- Frist 22.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye lysteknikar?
Vi søker etter eit allsidig, engasjert og fleksibelt teatermenneske med ei god kombinasjon av praktiske og kreative eigenskapar til ein fast stilling frå 3. august 2026.
Arbeidsoppgåver:
Du skal utføre lys- og videotekniske oppgåver under prøver og framsyningar i tillegg til rigg, reparasjon og vedlikehald av lysteknisk utstyr. Du vil saman med resten av lysteknisk team være med på å levere tekniske løysningar til teaterets nye produksjonar.
Du vil også jobbe tett saman med andre faggrupper på teateret.
Kvalifikasjonar:
relevant utdanning og/eller røynsle frå tilsvarande arbeid
(til døme scenetekniske fag, elektro fag)
kunnskap om lysbord, nettverk og elektronikk
videoteknisk erfaring og kompetanse
generelt god data kunnskap
erfaring med service og vedlikehald av rørlege- og konvensjonelle lyskastarar
gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
førarkort er ønskeleg
Personlege eigenskapar:
initiativrik og evne til å jobbe sjølvstendig
omgjengeleg og innstilt på å yte god service
god ordenssans og gode samarbeidsevner
god forståing for teaterproduksjon og kunstnarlege prosessar
allsidig og lærevillig
Vi tilbyr:
utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver
eit triveleg og kreativt arbeidsmiljø
god kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
gunstig ferieordning
lønn etter tariffavtale
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Arbeidstid i samhøve med skiftordning og du må vere innstilt på kvelds- og helgearbeid.
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.
Ferdigheter
- Digitale ferdigheter
- Elektronikk
- Håndtere både lyd, lys og bilde
- Nettverk (IKT)
- Produksjon av video
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum.
Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar.
- Sektor: Privat
- Sted: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kunst og kultur, Underholdning
- Stillingsfunksjon: Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
teater, lysteknikar, lys, lysteknisk utstyr
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457897325
- Sist endret



