Kostymeteknikar/kostymesyar
Ll Det Norske Teatret
- Frist 12.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å jobbe i ei kreativ avdeling med høgt tempo saman med dyktige og rause kollegaer?
Det Norske Teater søkjer ein positiv og ansvarsfull kostymeteknikar/ kostymesyar i 100 % fast stilling.
Om stillinga
stillinga er basert på ein treårig turnus der ein arbeider to år som kostymeteknikar og eitt år som kostymesyar.
arbeidstida som kostymeteknikar følgjer ei skiftordning med dag-, kvelds- og helgearbeid
arbeidstida som kostymesyar er satt på dagtid, noe kveld/helg kan forekomme
Arbeidsoppgåver kostymeteknikar
dagleg ansvar for vedlikehald og klargjering av kostymer til alle scener som inkluderer vask, vedlikehald, reparasjon og innkjøp
ansvar for å planlegge kostymeplasseringar og gjennomføre kostymeskift under framsyningane
tett samarbeid med skodespelarar og dei ulike faggruppene på teateret
Arbeidsoppgåver kostymesyar
saum og tilpassing av dame og herre kostymar til våre 3 scener
koordineringsansvar for særskilde produksjonar ved behov
Ønska kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har sveinebrev i eit av handverksfaga kostymesyar, skreddar, kjole- og draktsyar eller tilsvarande relevant utdanning. Det er ein stor fordel om du har erfaring frå teater, opera eler ballett. Personleg eignaheit blir vektlagd.
Ønska personlege eigenskapar
du likar å jobbe med menneske og trivast med å jobbe i eit hektisk miljø
god orden, stor arbeidskapasitet og løsningsorientert
arbeider sjølvstendig, og har også gode samarbeidsevner
snakkar godt norsk og kan kommunisere godt på engelsk
Vi tilbyr
ein spanande og utfordrande jobb
stor tilgang til kunstnarlege opplevingar, i eit spanande og profesjonelt teatermiljø
gode kollektive pensjons- og gruppelivsforsikringar
gunstig ferieordning
lønn etter gjeldande tariff
Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.
Ønska oppstart er 3. august 2026
Ferdigheter
- Reparasjon
- Servicearbeid
- Søm
- Sømendringer på klær
- Utføre godt håndverk
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scener.
- Sektor: Privat
- Sted: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Håndverkstjenester, Kunst og kultur, Underholdning
- Stillingsfunksjon: Annet
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
kostymeteknikar, kostymesyar, teater, teatererfaring, opera
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457107328
- Sist endret



