Arkivfagleg seniorkonsulent eller rådgjevar (midlertidig)
Nasjonalarkivet
- Frist 19.4.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Bidra til at arkiva våre kan brukast – i dag og i framtida!
Nasjonalarkivet arbeider kvar dag for å gjere tilgjengeleg og bevare viktig historisk informasjon og rettighetsdokumentasjon for framtidige generasjonar.
Me ser etter ein person som kan gjere arkiva våre meir tilgjengeleg i ein midlertidig stilling i eit år! Me har fleire oppgåver som over tid har blitt liggjande. No treng me ein ressurs i eitt år frå omkring 1. august 2026 til dei midlertidige oppgåvene. Tidlegare oppstart er også mogleg.
Hovudoppgåvene dine vil vere todelt. Du vil kartleggje plassering av arkivmateriale, fysisk tilstand og behov for vidare arbeid med arkiva i magasina. Videre vil du måtte ordne og registrere eldre arkiv som har behov for å bli satt betre i stand. Begge deler er viktig arbeid for å kunne navigere og finne fram i arkiva våre, slik at dei kan bli meir tilgjengelege og brukarvennlege.
Du vil også kunne bidra til andre oppgåver etter behov, kompetanse og evne, til dømes framfinning av materiale til lesesal og saksbehandlarar, betening av lesesal, mottak av arkiv og plassering av nytt materiale, samt anna førefallande arbeid.
I denne stillinga vil det vere mykje fysisk arbeid knytt til transport, løfting og omplassering av arkiv. Arbeidskvardagen vil innebere mykje rørsle.
Kven er du?
Me ser etter deg som har utdanning frå universitet eller høgskule på bachelornivå eller høgare, innan arkivfagleg relevante humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag. Relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanningskravet.
Du har god norsk språkforståing og meistrar begge målformer skriftleg, og er gjerne komfortabel med å lese eldre typar handskrift.
Du har særs gode relasjons- og samarbeidsevner, og trivst med høgt arbeidspress og er effektiv. Du likar moglegheita til å samarbeide tett med erfarne kollegaer og forstår verdien av kunnskapsdeling, men kan òg prioritere eiga tid og eigne oppgåver.
Me har ei tillitsbasert leiing og utstrekt fjernleiing, noko som både stiller krav til deg og gjev deg stor fridom. At du er personleg eigna til oppgåvene, vil difor vere ein viktig del av vurderinga vår.
Det er ein fordel om du har kjennskap til ordning og registrering av papirarkiv, katalogisering og programvara ASTA. Me ser helst at du har 2-5 års erfaring med relevant arbeid.
Kva kan du forvente?
Du kan forvente eit arbeidsmiljø prega av høg arkivfagleg kompetanse og serviceinnstilling. I Nasjonalarkivet er me opptekne av å lage betre prosessar og heile tida utvikle tenestene brukarane våre møter. Hjå oss vil du få ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag.
Møt medarbeidarane våre her!
Høyr meir frå medarbeidarane våre i Nasjonalarkivet om korleis det eigentleg er å jobbe hjå oss!
Video: https://youtu.be/7pAtahgn-cg?si=vup6A_MIViZWtqEW
Kva får du hjå oss?
Som organisasjon har me ein uformell kultur, stor kompetansebreidde, og fagleg sterke miljø fordelt på våre 11 ulike arbeidsstadar.
I Bergen er me 16 tilsette som jobbar med alt frå mellomalderdokument, mottak av nyare arkiv frå statleg og privat hald, betener lesesal, gir publikum tilgang til rettsinformasjon og publiserer nytt innhald i Digitalarkivet. Me er glad i å samlast og diskutere både fag og bybanen - torsdagskaffen prøver me alle å få med oss! Her er det god tilgang til offentleg transport og tilsettparkering. Det er òg høve til trening i arbeidstida, anten i treningsrom eller ved å ta i bruk dei gode turvegane i nærområdet.
I tillegg set våre tilsette pris på våre trygge rammer som:
Fleksibel arbeidstid med kjernetid, samt sommartid, trening i arbeidstida og gode ordningar foravspasering. Dette støttar ein sunn balanse mellom arbeid og privatliv. Konkurransedyktige vilkår med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse, kor arbeidsgivar betalar det meste av pensjonspremien - her vert berre 2 % trekt frå løna di.
Stillinga som seniorkonsulent (1363) lønast med 520.000-600.000 kr. per år. Stillinga som rådgjevar (1434) lønast med 540.000-660.000 kr. per år. For å kvalifisere til stillinga som rådgjevar må du ha bachelor eller mastergrad og nokre års relevant arbeidserfaring.
For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
FerdigheterAI-generert
- Administrere arkiv
- Arkivarbeid
- Arkivkunnskap
- Katalogisere
- Ordning og registrering av papirbasert arkivmateriale
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Nasjonalarkivet tek vare på arkiv frå statleg og privat sektor. Vi leverer tenester til offentleg forvaltning i form av standardar, regelverk, rettleiing og tilsyn.
Samfunnsoppdraget vårt vil krevje store omstillingar i ei digital tidsalder, der vi har som mål å tilby effektive og sjølvbetente løysingar. Vi skal både rettleie arkivskaparar og gjere Noregshistoria tilgjengeleg for publikum. Vi er nasjonen sitt minne og notida sine arkivvoktarar.
Les meir på www.nasjonalarkivet.no
Me oppfordrar
I Nasjonalarkivet trur me at me utviklar dei beste løysingane når me får inn ulike perspektiv og erfaringar. Vårt mål er å spegle heile spekteret av samfunnet me tener.
Difor oppmuntrar me alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion, eller etnisk tilhøyrsle. Me arbeider aktivt for å skape eit arbeidsmiljø kor alle har like moglegheiter, og me forpliktar oss til å legge arbeidstilhøva til rette for å møte dine behov.
Arbeidsstad: Årstadveien 22, 5009, Bergen
Til informasjon
I samsvar med offentleglova § 25 vil det liggje føre ei offentleg søkjar liste etter at søknadsfristen har gått ut. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å stå på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om å bli unnateken. I slike tilfelle vil søkjarane bli informerte før offentleggjeringa og få høve til å trekkje søknaden.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Årstadveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Arkiv og bibliotek, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar, Dokumentasjon, Kontor og administrasjon
Nøkkelord
arkiv, rettighetsdokumentasjon, historisk informasjon, arkivfagleg kompetanse, arkivmateriale
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457882574
- Sist endret



