Barne- og ungdomsarbeidar ved Os ungdomsskule
Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
- Frist 12.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere ein viktig vaksen i ungdommar sin kvardag og bidra til meistring, trivsel og inkludering?
Os ungdomsskule har ledig:
2 x78% fast stilling
Inntil 3 x 78 % engasjement som barne- og ungdomsarbeidar
1 x 86 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar (med særleg behov for kompetanse i teikn-til-tale TSS)
1 x 78 % kombinert stilling: 38,5 % kantinemedarbeidar og 38,5 % fagarbeidar / assistent
Stillingane gjeld for skuleåret 2026/2027.
Vi ser etter deg som brenn for å arbeide med ungdom, og som ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø der alle elevar får oppleve meistring og tilhøyrsle.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert og kompetent fagmiljø som jobbar målretta med skuleutvikling, relasjonsbygging og livsmeistring for elevane våre.
Arbeidsstad
Os ungdomsskule ligg sentralt i Os sentrum og har om lag 70 tilsette og 485 elevar, fordelte på 56 klassar per trinn. Skulen arbeider etter verdiane meistring, tryggleik og anerkjenning, og har eit sterkt fokus på gode relasjonar og eit inkluderande læringsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Som barne- og ungdomsarbeidar vil du ha ein aktiv og viktig rolle i elevane sin skulekvardag:
Leggje til rette for trivsel, utvikling og læring for alle elevar
Vere tett på elevane gjennom heile skuledagen både i undervisning og friminutt
Arbeida førebyggande med læringsmiljø og psykososiale forhold
Følgje opp enkeltelevar og bidra til inkludering og meistring
Samarbeida tett med lærarar, føresette og andre faginstansar
Delta aktivt i planlegging og utviklingsarbeid
Vere ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
For den kombinerte stillinga vil ein i tillegg ha ansvar for kantine:
Planleggje, førebu og servere enkel og sunn mat
Bidra til ein triveleg og inkluderande møteplass i kantina
Følgje rutinar for hygiene, orden og matsikkerheit
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget er ønskjeleg
Erfaring frå arbeid med barn og ungdom
Erfaring med eller interesse for arbeid med elevar med samspelsvanskar
Kjennskap til ADHD og/eller autismespekteret er ein fordel
Kompetanse i teikn-til-tale (TSS) er særleg ønskjeleg for 86 % stillinga
Kompetanse i alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ein fordel
Erfaring med elevar med høyrselsvanskar og/eller språkvanskar er ønskjeleg
God relasjonskompetanse og gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
Er varm, tydeleg og trygg i møte med ungdom
Har evne til å skapa gode relasjonar og bygge tillit
Er engasjert, løysingsorientert og samarbeidsvillig
Jobbar strukturert og sjølvstendig, men trivst også i team
Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Personleg eignaheit vil bli vektlagd. For nokre av stillingane oppmodar vi særleg menn til å søkje.
Kvifor jobbe hos oss?
Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
Meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter avtale
Komprimert arbeidstid over 39 veker
Dette gir fri i elevane sine haust-, jule-, vinter- og påskeferiar, samt store delar av sommarferien.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Alternativ og supplerende kommunikasjon
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 7
- Sted: Oshaugen 6, 5202 Os
- Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning, Storhusholdning og catering
- Stillingsfunksjon: Annet, Kjøkken- og kantinemedarbeider, Skoleassistent
Nøkkelord
ungdomsarbeider, ungdomsarbeidar, fagarbeider, ungdomskole, ungdomsskule
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457540912
- Sist endret
