Servicetekniker
Eide Fjordbruk
- Frist 2026-03-30
- Ansettelsesform Fast
Servicetekniker
Vil du jobbe med moderne teknologi i eit av dei mest innovative produksjonssystema i havbruksnæringa?
Som serviceteknikar hos Eide får du ei sentral rolle i drift og vidareutvikling av Watermoon – vår lukka og nedsenka produksjonsplattform. Her kombinerer du praktisk teknisk arbeid med systemforståing, optimalisering og utvikling.
Kven er vi?
Eide er eit familieeigd selskap og ein pioner i havbruksnæringa. Ambisjonen vår er klar: å setje standarden for framtidas havbruk.
Watermoon er vår eigenutvikla produksjonsplattform med null utslepp, høg fiskevelferd og smart bruk av data og automasjon. Teknologien er utvikla av oppdrettarar – for oppdrettarar – og er no på veg ut i den globale marknaden.
Automasjon, kontrollsystem og datadriven drift er avgjerande for vidare utvikling av løysinga.
Om stillinga
Du blir ein del av teknisk avdeling med ansvar for stabil drift, feilsøking, optimalisering og vidareutvikling av våre tekniske system.
Dette er meir enn ei tradisjonell vedlikehaldsrolle. Du får vere tett på både drift og utvikling, og vere med å påverke tekniske løysingar og standardar.
Arbeidsstad er ved våre Watermoon-lokalitetar i Hardanger.
Du rapporterer til leiar for automasjon og elektro.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av tekniske anlegg
- Feilsøking og feilretting i kontroll- og automasjonssystem
- Test, optimalisering og vidareutvikling av automasjonsløysingar
- Arbeid med visualisering og brukargrensesnitt (SCADA)
- Deltaking i prosjekt og implementering av ny teknologi
- Bidra til standardisering og kontinuerleg forbetring
- Fagleg støtte til driftsorganisasjonen
Kven ser vi etter?
Du er strukturert, praktisk og løysingsorientert. Du trivst med ansvar og likar å forstå heilskapen i tekniske system – ikkje berre enkeltkomponentar. Du motiverast av å forbetre og vidareutvikle løysingar.
Ønska kvalifikasjonar
- Fagbrev innan automasjon eller elektro
- Erfaring frå industriell verksemd (prosess og/eller instrumentering)
- God teiknings- og dokumentforståing
- Kjennskap til kontroll- og automasjonssystem
- Kjennskap til SCADA/visualisering, gjerne Ignition
- Kjennskap til nettverk, kommunikasjon og systemintegrasjon
- Digital kompetanse og erfaring med bruk av tekniske IT-verktøy
Kvifor velje Eide?
Hos oss får du:
- Jobbe med moderne og framtidsretta teknologi
- Ei sentral rolle i vidareutvikling av eit innovativt produksjonssystem
- Reell påverknad på tekniske løysingar
- Moglegheit for fagleg utvikling innan automasjon og system
- Eit sterkt fagmiljø og godt arbeidsmiljø
Me satsar både på visjonane våre og på folka våre.
Vårt motto er: «Det viktigaste er å ha det gøy».
Me tilbyr konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar og spanande faglege utfordringar.
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter.
Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med: Leder for automasjon og elektronikk Ørjan Eikeland orjan.eikeland@efb.no / 466 48 554. Eller HR- koordinator Hanne Seljestad
Søk i dag dersom du vil ta del i å setje standarden for framtidas havbruk!
FerdigheterAI-generert
- Diagnose og feilsøking av elektriske og elektroniske komponenter
- Drift og vedlikehold
- Kontinuerlig forbedringsprosess (CIP)
- Nyinstallasjon og vedlikehold på elektro
- Programmering og testing av automatiseringssystemer (automasjonsteknologi)
- Prosjektgjennomføring
- SCADA
- Teknisk IT kompetanse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Sektor: Privat
- Sted: Hardanger, Norway, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Kvalitetssikring, Mekanikk og installasjon, Teknisk personell
Nøkkelord
servicetekniker, havbruk, automasjon, teknisk support, elektro
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454598458
- Sist endret



