Pastor
Nainkyrkja ImF Voss
- Frist 06.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og leie og utvikle eit levande kristent fellesskap på Voss?
Nainkyrkja er eit fellesskap på Voss knytt til Indremisjonsforbundet. Vi ønskjer å vere ei forsamling der menneske i alle generasjonar kan møte Jesus, vekse i tru og finne sin plass i fellesskapet. No søkjer vi ein pastor som vil vere med å forkynne evangeliet, leie forsamlinga og bidra til å utvikle fellesskapet vidare.
Som pastor i Nainkyrkja får du ei sentral rolle i livet og arbeidet i forsamlinga. Saman med eldsteråd, styre og frivillige medarbeidarar vil du bidra til å byggje fellesskap, utruste menneske til teneste og utvikle forsamlinga vidare som eit ope og tydeleg kristent fellesskap i lokalmiljøet.
Dine viktigaste ansvarsområde:
- Forkynne og undervise i samsvar med visjonen og verdiene til Nainkyrkja
- Utøve sjelesorg, rettleiing og åndeleg oppfølging
- Bidra til å utvikle fellesskap, smågrupper og tenesteområde i forsamlinga
- Byggje team og utruste frivillige til teneste
- Bidra til gode strukturar og tydelege prioriteringar i forsamlinga sitt arbeid
- Samarbeide tett med eldsteråd og styre i strategiske prosessar
- Representere forsamlinga lokalt og byggje relasjonar i nærmiljøet
Vi ser etter deg som:
- har eit tydeleg engasjement for evangeliet og forsamlingbygging
- kan forkynne bibelsk og relevant på ein måte som inspirerer og engasjerer
- er ein relasjonsbyggjar som trivst med å utvikle menneske og fellesskap
- har evne til å skape struktur og retning i ein organisasjon med mange frivillige
- er trygg i eige leiarskap, men samstundes audmjuk og samarbeidsorientert
- identifiserer deg med Indremisjonen sitt evangelisk-lutherske grunnlag
Teologisk utdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Kva tilbyr vi?
- Ei meiningsfull teneste med stor moglegheit til å påverke utviklinga av forsamlinga
- Eit engasjert fellesskap med mange frivillige medarbeidarar
- Samarbeid med dedikerte leiarar i styre og eldsteråd
- Fleksibilitet og rom til å forme arbeidshardagen
- Løn og ordningar etter ImF sine retningslinjer
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Arbeidsstad: Voss
Stillingstype: 80 - 100 % fast
Søknadsfrist: 06.04.2026
Kontakt:
- Morten Myhren, Human AS: 48 22 46 60
- Anne Stine Fløtre, Human AS: 93 80 10 03
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Nainkyrkja Imf Voss er ei kyrkje som byggjer arbeidet på Bibelen Guds Ord, og den evangelisk-lutherske vedkjenninga. Nainkyrkja er knytt til Indremisjonsforbundet (ImF). Forsamlinga samlar menneske i ulike livsfasar og blir bore av eit stort engasjement frå frivillige medarbeidarar. Gjennom gudstenester og møte, barne- og ungdomsarbeid, smågrupper og ulike fellesskap ønskjer vi å skape rom for tru, tilhøyrsle og teneste. Saman ønskjer vi å vere eit synleg kristent fellesskap på Voss og bidra til at menneske får bli kjende med Jesus og leve som hans etterfølgjarar.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Hestavangen 20, 5700 Voss
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Ideelle organisasjoner, Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Menighetsarbeid, Prest
Nøkkelord
Ledelse, Flergenerasjonsmenighet, Hovedpastor, Pastor, Menighet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455114281
- Sist endret

