Kommunalsjef samfunnsutvikling
Vindafjord kommune
- Frist 22.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein framtidsretta leiar som ønskjer å bidra til utviklinga av Vindafjord?
Vil du vere med å utvikle Vindafjord vidare?
Som kommunalsjef for samfunnsutvikling får du ei sentral rolle i å utvikle Vindafjord som ein attraktiv kommune. Målet er levande bygder der folk vil bu og arbeide, og der verksemder vil etablere seg. Stillinga har ansvar for overordna strategisk planlegging og skal bidra til berekraftig utvikling og gode lokalsamfunn.
Ein viktig del av rolla er å skape framdrift og leggje til rette for næringsutvikling og nye etableringar i tett samspel med næringsliv, innbyggjarar og politisk leiing. Stillinga omfattar overordna ansvar for areal og forvaltning, kommunaltekniske tenester, næringsutvikling, reinhald, kultur og læring. Desse områda er avgjerande både for kvardagsdrift og for korleis kommunen lukkast med utvikling og tilrettelegging for vekst. Rolla krev god styring, samordning og evne til å sjå heilskap.
Samspel og gjennomføring
Som del av kommunedirektøren si leiargruppe medverkar stillinga til å setje retning for kommunen si samla utvikling. Rolla krev evne til å balansere faglege vurderingar, økonomiske rammer og politiske prioriteringar, og til å bidra aktivt i strategiske prosessar. Det skal sikrast gode og føreseielege prosessar, både internt og eksternt. Kommunen skal vere ein profesjonell og tilgjengeleg samarbeidspartnar. Arbeidet krev tydeleg kommunikasjon, evne til å byggje tillit og å skape godt samspel. Stillinga inneber ansvar for å sikre at vedtak blir omsette til konkrete resultat og framdrift i prioriterte utviklingsprosjekt.
Utvikling og prioriteringar
Vindafjord har gode føresetnader for vekst, men demografiske endringar og press på ressursane krev tydelege prioriteringar og god styring. Det er behov for målretta arbeid med bustadutvikling, utvikling av infrastruktur og tilrettelegging for næringsaktivitet. Samarbeid med regionale aktørar, næringsliv og frivillig sektor er avgjerande for å lukkast.
Kven ser me etter?
Du er ein modig, løysningsorientert og trygg lagspelar. Dette inneber å ta ansvar, sjå moglegheiter der andre ser utfordringar, og skape resultat i samspel med andre. Rolla krev ein trygg leiar med relevant leiarerfaring med god forståing for offentleg verksemd og samfunnsutvikling, samt evne til å kombinere struktur og gjennomføring med utviklingskraft. Det er viktig å byggje tillit, arbeide systematisk og sikre framdrift i komplekse prosessar der ulike omsyn må vegast mot kvarandre. Relevant høgare utdanning og god forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon er nødvendig. Personlge eigenskapar vil bli tillagt vesentleg vekt.
Dette får du hos oss
Som kommunalsjef i Vindafjord får du ei sentral rolle med reell påverknad på korleis lokalsamfunn, næringsliv og tenester skal utviklast vidare. Arbeidet skjer tett på politisk leiing og sterke fagmiljø i ein organisasjon prega av samarbeid, ansvar og vilje til utvikling. Stillinga gir handlingsrom til å setje retning og ta avgjerder som har betydning i praksis. Vindafjord kommune tilbyr konkurransedyktige vilkår.
Fram til søknadsfristen vil alle søkjarar bli handsama konfidensielt. Me gjer merksam på at det etter søknadsfristen vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om det er bede om unntak frå den offentlege søkjarlista. Dersom eit slikt ynske ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla før den offentlege søkjarlista blir utarbeidd.
For nærare informasjon om stillinga kan du ta kontakt med Tom Monclair Larsen i Personalhuset, tlf. 982 95 141, eller kommunedirektør Halfdan Krohn Brekke i Vindafjord kommune, tlf. 922 46 049.
FerdigheterAI-generert
- Arealforvalting
- Forretningsutvikling
- Gjennomføring av nye boligprosjekter
- Kommunalteknikk
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Prosjekteringsledelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vindafjord kommune er ein vital kommune på Indre Haugalandet med om lag 9 200 innbyggjarar. Kommunen har sterke bygdesamfunn og eit aktivt næringsliv - frå industri og energi til landbruk og mindre verksemder. Kommunesenteret Ølen ligg om lag 5 mil frå Haugesund. Med si plassering mellom fjord og fjell har kommunen gode føresetnader for vidare vekst og utvikling.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Kontor og administrasjon, Ledelse
Nøkkelord
Samfunnsplanlegging, Næringsutvikling, Toppleder, Ledelse, Offentlig administrasjon
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457415969
- Sist endret




