Lærarstilling, spesialpedagog (60-80 % fast) - Ølen vgs
Rogaland fylkeskommune
- Frist 03.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Undervisningsstilling i vidaregåande skule – bidra til fagleg utvikling og elevane si framtid
60-80 % fast stilling som spesialpedagog
Frå 01.08.26 er det ledig 60-80 % stilling som spesialpedagog ved Ølen vidaregåande skule.
Krav til stillinga:
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Relevant fagkompetanse i fellesfag (matematikk, engelsk, naturfag, norsk)
- Godkjend politiattest
Ønskelege kvalifikasjonar:
- Spesialpedagogisk utdanning
Me treng ein ny medarbeidar med fagleg breidde og spesialpedagogisk kompetanse. Undervisningserfaring frå grunnskule er å føretrekkje. For å lukkast i arbeidet med elevar som har faglege - og andre utfordringar, vil personlege eigenskapar ha særleg stor betydning, og vert vektlagt ved tilsetjing.
For stillinga gjeld:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
Korleis søkje:
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase - Hjelp for jobbsøkjarar
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Norsk
- Undervise i matematikk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgivarane i Rogaland, med rundt 4300 tilsette. Me jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du vere med å bygge eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?
Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule med 320 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me tilrettelagt opplæring i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.
For meir info: www.olen.vgs.no
Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig. Generelt ynskjer me medarbeidarar med undervisningskompetanse i fleire fag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Litlehagen 2, 5580 Ølen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468597070
- Sist endret

